JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Frykt og glede

Kristian Bergquist skriv enkelt og direkte og ofte godt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristian Bergquist debuterte med ei diktsamling i 2017.

Foto: Flamme Forlag

2542
20190215
2542
20190215

Dikt

Kristian Bergquist:

Jeg klarer det ikke alene

Flamme 373

Frå dei tidlegare diktbøkene hans veit ein at Kristian Bergquist kan skrive om sosial angst og sjeleleg mørke, men ofte med ein tilforlateleg språkleg og ein humoristisk vri som lyftar diktet inn i noko anna, i håpet. Den sjuande diktboka til Bergquist, som er på over to hundre sider, gir framleis lesaren blikk inn i eit sårbart univers med diktremser som surrar i det nære, fangar brokkar av syn, samtalar, setningar og filmsekvensar som poeten eltar om i ei poetiske betraktning, i eit brått kast av oppløftande innsikt.

Innsikta treng ikkje vere av den revolusjonerande typen. Eit Bergquist-dikt kan i all si enkelheit gå slik: «det virker/ så populært/ å være/ seg selv/ men jeg/ kan fint/ tenke/ meg/ å være/ en annen»

Livet

Bergquist skriv om livet og kor vanskeleg det kan vere å leve det, om korleis finne balansen mellom å vere i lag meg seg sjølv og med andre, og om rolla som poet. Ein stad skriv han at han som poet godt kan ta større plass, og samanliknar det med å ikle seg ein sjølvlysande vest, ein slik som niesa hans har på seg i barnehagen.

Sjølvsagt kan ein lese diktboka Jeg klarer det ikke alene som ein bundel einskilddikt, men når ein les dikta under eitt, ser ein også konturane av noko anna: Det skjer for det første ei utvikling, frå det tilbaketrekte og mørke til noko opnare og lysare. For det andre evnar dikta å etablerer ei maske, som godt kan vere personen Kristian Bergquist slik tekstane insisterer på, men hovudpoenget er at lesaren finn maska interessant og gjerne høyrer på henne, sjølv når enkeldiktet ikkje tek heilt av.

Lukka

Poeten auser av det han har, og ser og går ikkje av vegen for å nytte ord som ikkje har så godt renommé i lyrikken. Det er den vesle umerkelege vrien som skrur verda i gjenge att, poeten gler seg over.

Ein vil då også finne ei mengd dikt som vert bygde over motsetnader eller eit enkelt ordspel, slik som «den enes zen/ og den andres sorg». Det kan vere ein bokstav som skil ein frå avgrunnen. Somme irriterer seg sikkert over dette. Uansett seier dei noko om avstanden mellom lukka og fortvilinga i dikta, og om kor fort det kan snu. Difor er også mykje potensielt trugande i verda, og gleda så mykje større når det viser seg at frykta er ugrunna.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Poeten auser av det han har, og ser og går ikkje av vegen for å nytte ord som ikkje har så godt renommé i lyrikken.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis