Teater

Frå von via tragedie til ny von

Godt samspel mellom musikk og animasjon gjorde dette til ei svært spesiell oppleving.

Bergen filharmoniske orkester spelte til animasjonsfilmen i Grieghallen.
Publisert

Med denne framsyninga og opningsframsyninga, båe signerte William Kentridge, har festspeldirektøren markert ei tydeleg haldning i ei tid der totalitarisme, undertrykking og maktmisbruk blir eit stadig sterkare trugsmål mot det vi liker å kalle vestlege verdiar – her især ytringsfridom og kunstnarleg fridom.

Den kunstnarlege, ideo­logiske og på andre vis livstrugande «krigen» mellom komponisten Dmitrij Sjostakovitsj og diktatoren Josef Stalin er velkjend. William Kentridge har kopla komponistens 10. symfoni, som fekk urframføring få månader etter Stalins død, med ein animasjonsfilm som gir glimt inn i tiåra konflikten stod på – med Lenins død i 1920-åra, diktaren Majakovskijs sjølvmord i 1930, drapet på Trotskij ti år seinare og diktatorens død i 1953.

Mange av mellomtekstane er henta frå Majakovskij og syner korleis han gjekk frå revolusjonær optimisme til djup fortviling over utviklinga i det som skulle bli eit kommunistisk paradis. Og gjennom det heile går Sjostakovitsj, som av kommunistpartiet og Stalin sjølv stadig blei skulda for å skrive dekadent, formalistisk, borgarleg og ikkje folkeleg og optimistisk nok.

Filmen er inga biletlegging av musikken, men snarare ei tolking av tida og musikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement