Film
Frå verre til vondt
Jakta på fæle meksikanarar held fram i ein oppfølgjar som garantert får ein oppfølgjar.
Den andre Sicario-filmen framstiller ei krise verre enn fantasien tillèt.
Foto: Richard Foreman Jr. / SMPSP
Cowboy-agenten Matt (Brolin) og den hemnlystne, lyssky oppdragsmannen Alejandro (Del Toro) skal nok ein gong gje seg inn i dei mørkaste krokane av amerikansk etterretning. I denne står menneskesmugling i sentrum i det som er ein actionpakka oppfølgjar til narkokartellfilmen Sicario (2015).
Enkelt og vanskeleg
Medan den fyrste filmen var regissert av Denis Villeneuve, har den nye regissøren, Stefano Sollima, strippa ned mykje av dei etiske problemstillingane med det å vera etterforskar og heller laga ein relativt streit actionfilm. Sollima og Villeneuve har nok begge vore kloke val, om enn på to ulike vis. Det må seiast at den fyrste filmen var ein langt meir raffinert sak der ein verkeleg måtte ta inn over seg djevelskapen og kva ein gjer i kampen mot noko så tilsynelatande uoverstigeleg som narkotikahandelen og alt den fører med seg. Såleis burde ein oppfølgjar om menneskesmugling vore endå meir brutal, men her har då altså Sollima (kjend for serien Gomorrah (2014) og Suburra (2015)) valt å leggja seg på ei linje der bortføring av dottera til kartellkongen Carlos Reyes blir drivkrafta.
Einsemd på spansk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.