Frå sukker til sukettar

Auga mine forblir tørre di meir Ricky Gervais græt. Det var neppe meininga.

Tony (Ricky Gervais) kjempar vidare med å finne glede i andre sesong av After Life.
Tony (Ricky Gervais) kjempar vidare med å finne glede i andre sesong av After Life.Tony (Ricky Gervais) kjempar vidare med å finne glede i andre sesong av After Life.
Publisert

Humor / drama

Tony (Gervais) sleit for å koma over dødsfallet til kona, meir eller mindre hjelpt av kollegaene i lokalavisa og sjukepleiaren (Jensen) på heimen der faren er. Noko av håpet låg i at Tony og sjukepleiaren, ho blir sjeldan nemnd ved namn, skulle enda opp saman. Denne tråden vert tvinna vidare på i sesong to, saman med stort sett alle dei andre gamle trådane.

Rørete

Den kanskje noko uventa suksessen Ricky Gervais hadde med det alvorlege, mørke humordramaet After Life (2019) måtte sjølvsagt få ein oppfølgjar. Gervais balanserte elegant skildringar av depresjon og sorg via ein sjarmerande grinebitersk hovudperson som trass alt hadde hjarta på rette staden. Vane som ein har vore med å sjå han i pinleg-tøysete seriar som The Office (2001) og The Extras (2005), så vart mange, inkludert meg, rørte til tårer over Gervais som tok til tårene. Det var så overraskande sårt og dermed særs effektivt, litt som når den vanlegvis så fatta onkelen din brått bryt saman i gravferda til bestemor di.

Men på same måte som ein vits er morosam fyrste gongen, så avtek overraskingsmomentet, og effekten av Gervais’ sørging vert påteken og repetitiv og til slutt nærast pinleg, litt som når onkelen din nok ein gong gjenfortel episoden i gravferda og understrekar det med at han er jo ein tøff mann, og tøffe menn græt aldri, men til og med han måtte gråta osv. osv. osv. Då er det ikkje rørande lenger, berre irriterande.

Tørt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement