Bok
Frå fellesskapstida
Lars Saabye Christensen skriv levande om etterkrigskvardagen i Oslo vest.
Lars Saaby Christensen har skrive det første bindet i ein ny trilogi med handling lagd til Oslo.
Foto: Magnus Stivi / Cappelen Damm
«Karl Johan er bare en tynn hyssing som Østbanen henger i.» Dette er ei typisk Lars Saabye Christensen-setning. I nokre av romanane sine kan han ha vore vel ivrig etter å bruke dei, det kan bli for mykje av alt, men i Byens spor er desse formuleringane dryssa sparsamt og musikalsk rundt i romanen. Kvar av dei er både treffande og vakre: «Kunne ikke engang medaljene trøste ham? Var de ikke annet enn baksider?» «Vemod er den langsomste av alle følelser.» «(…) mangelvarer er det butikkene fremdeles har mest av.»
Kva feilar Jesper?
Det siste sitatet viser til eit Oslo rett etter andre verdskrigen, der dei fleste framleis lever nøkterne liv, der Røde Kors kontinuerlig arbeider for å skaffe klede, teppe, mat og annan assistanse til trengande, og der nabofrua gjerne passar sonen din om du må ut ein tur. Som forfattaren skriv: «Det meste er felles i disse etterkrigstider før velstanden blir for stor og alle skal finne seg selv og ikke andre.»
Vi møter kjernefamilien Ewald, Maj og Jesper Kristoffersen, og naboen deira, fru Vik, som bur i Kirkeveien. Maj er kasserar for Røde Kors avdeling Fagerborg, Ewald jobbar i reklamebyrå. Jesper går på skulen, men det «er noko med han». Han får ein kamerat, Jostein, som det også er noko med – etter ei trafikkulukke får han både hørselstap og hjerneskade. Men begge er dei oppegåande nok, og kva som «feilar» Jesper, må vi berre gjette på. Kanskje han berre er Jesper.
Telefon trumfar alt
Vi møter andre personar rundt desse: ein lærar, ein slaktar, ein italiensk pianist, ein antikvar og arbeidskollegaer av Ewald. Vi møter miljøet på Bristol – det er eit tidsriktig Oslo når det kjem til talemåtar, restaurantar, køyretøy og kvardagsprodukt. Rådhuset er i dei siste oppføringsåra, rådhusklokkene kjem på lastebilar. Dei færraste har telefon, og når dei etter lang ventetid får vedunderet i hus, er det grunn nok for barna deira til å bli borte frå skulen. Skildringane av personane og byen er særs levande. Det er eit univers å gå inn i, bli knytt til, og vi har jo vore i denne vestkantbydelen tidlegare, i andre Lars Saabye Christensen-romanar. For enkelte av oss er det òg eit barndomsbyrom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.