Teater

Frå blodhemn til rettsstat

Teater slik du sjeldan ser det på ein norsk scene. Men kvifor vil regissøren skjemme ut arbeidet sitt?

Gjertrud Jynge spelar kona til Agamemnon, Klytaimnestra, her med Bjørn Sundquist (kor).
Gjertrud Jynge spelar kona til Agamemnon, Klytaimnestra, her med Bjørn Sundquist (kor).Gjertrud Jynge spelar kona til Agamemnon, Klytaimnestra, her med Bjørn Sundquist (kor).
Publisert

Det Norske Teatret, Hovudscenen

Oresteia er ikkje berre 2481 år gammalt, det er også den einaste tragedietrilogien frå den greske antikken som er bevart. Og stykka tek opp eit tema som skulle vere heilt uaktuelt i vår tid, men som stadig rir oss i ulike former, både som æresvald og anna. For hemn, barbari og annan villskap set stadig demokrati- og rettsstatstanken på prøve kringom i verda. Aiskylos såg problemet – og løysinga – for snart 2500 år sidan, men enno er vi ikkje ferdige med problemet.

Kong Agamemnon (Bjørn Skagestad) kjem attende til Argos etter å ha vore med på erobringa av Troja. Der blir han brutalt drepen av kona si, Klytaimnestra, (Gjertrud Jynge) og elskaren hennar, Aigistos (Espen Løvås), fordi han på veg til Troja hadde ofra dottera deira. Oppelda av guden Apollon (Lasse Kolsrud) og søster si, Elektra (Marie Blokhus), gjer så kongssonen Orestes (Oddgeir Thune) ende på dei to kongemordarane.

Frikjend under tvil

Slik kunne det ha halde fram, men Orestes kjem i tvil om han har handla rett – endå om Apollon bad han gjere det og koret har messa om «mord for mord/ liv for liv». Denne sida ved hemnaren får Oddgeir Thune fint fram. Forfølgd av hemngudinnene, som vil vidareføre hemntradisjonen, blir han teken til Aten, der skytsgudinna Atene (Ingeborg S. Raustøl) skipar ein domstol som skal høyre båe partar. Under tvil blir Orestes frikjend, men Atene «omvender» hemngudinnene til gode hjelparar – og ei ny tid med forsoning og utan den øydeleggjande hemnspiralen kan byrje.

Scenografien er enkel, men i det svære scenerommet gjer det minimalistiske omgivnadene monumentale. Og rommet blir godt nytta ved gjennomtenkt plassering av aktørane og verknadsfulle tablå. Enormt sterkt verkar den korte scenen der ansiktet til hemnaren Orestes blir vist på ein diger skjerm medan den tryglande mor hans beveger seg som ein liten maur framfor han, og Deep Purples «Child In Time» når eit drepande crescendo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement