Teater

Fosse sett med utanlandske auge

Tani Dibasey i ei av hovudrollene.
Publisert

Den belgiske stjerneregissøren Lisaboa Houbrechts har gjort Jon Fosses skodespel Vinter til noko anna enn det i utgangspunktet var. Stykket er langt på veg ei dramatisering av romanen Bly og vatn, som skildrar eit lagnadstungt møte mellom ein ung familiemann (Kyrre Hellum) og ei kvinne som synest vere prostituert (Tani Dibasey). Eit møte som gradvis utviklar seg til maktkamp, og der rollene blir snudde på hovudet. Men også ei historie om å våge å gi seg over – erotisk og på anna vis – til ein vilt framand.

Sensuell utforskning av kjønnsidentitet

Det er ikkje minst dette siste elementet regissøren har vilja belyse. Ved å gjere kvinna til mann, eller kanskje transperson, har Houbrechts dessutan gjort framsyninga til ei sterkt sensuell utforsking av temaet kjønnsidentitet, og slik også endra perspektivet i historia. Så er kvinna òg blitt iført moteklede som hevar henne opp i eit anna sosialt lag.

Moteriktig, men ikkje noko som tilfører stykket så mykje nytt. Og som heller ikkje går særleg i djupna på tematikken, sjølv om framsyninga er blitt ein vakker og poetisert versjon av Fosses tekst. For Houbrechts er ein regissør som dyrkar det estetiske. No er ikkje Vinter eit stykke som direkte inviterer til eit slikt grep. Men den gjennomførte måten regissøren har gjort det på, gjer likevel inntrykk.

Ordlaust kor

Der Fosse har skrive eit kammerspel for to personar, nyttar denne oppsetjinga ti. Dels ved at ein tredje skodespelar (Carl Martin Eggesbø) stundom går inn i rolla som Mannen, eller ein slags observatør som til slutt går over i ein lysande Prometeus. Dels ved at dei andre sju opptrer i noko som kan minne om eit gresk kor, rett nok eit ordlaust kor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement