Bok
Forvitneleg
Nik. Brandal losar lesaren intelligent gjennom utviklinga av den norske arbeidarrørsla.
Nikolai Brandal (1973) er førsteamanuensis i internasjonale studium ved Oslo Nye Høyskole. Han har hovudfag i historie.
Foto: Edvard Thorup
Solidaritet i en ny tid er ei forvitneleg bok, som orienterer lesaren
intelligent i dei mange forvirrande endringane i norsk arbeidsliv sidan
tusenårsskiftet. Det gjeld ikkje minst vesentlege skifte i konkurrerande
system, der LO især har streva for å etablere fellesprinsipp sjølv for dei som
ikkje er organiserte.
Partifloraen som samarbeider med LO, har auka, og fleire er
komne med i symbiosen. Arbeidstakarar er flytta kring i ulike tariffområde,
ikkje minst grunna privatisering og konkurranseutsetting. Fleire organisasjonar
har teke over mange av dei statstilsette som før var i Norsk Tjenestemannslag (NTL) eller andre LO-forbund.
LO er vorten ei konservativ kraft dersom vi talar om oljeverksemda, mindre
av ei vaktbikkje før det vert slege alarm om arbeidarrettar i nye område, og
har godteke mange prinsipp ein tidlegare ikkje ville høyre snakk om, som i
aksepten av samrøre mellom utanlandske og norske selskap og verksemder og av
delprivatisering.
Avpolarisert
Nik. Brandal syner stegvis korleis arbeidarrørsla med Ap og LO
hand i hand har avpolitisert sentrale samfunnsområde. Dette gjeld såleis sentrale velferdsgode, der ein har automatisert berekningsmåtar for
helseføretak, handlingsregelen og pensjonen. Jau, det har vore konfliktar om
fylgjene og justeringar av utrekningsmåtane, men stort sett kjem ein ingen veg
dersom ein vil flytte desse emna inn i politikken igjen.
Her kunne ein nok sett nøgnare på korleis energipolitikken,
økonomien i høgre utdanning og kommuneøkonomien også mindre og mindre kan
diskuterast, sidan alt er samanfuga i system der inntekter ikkje alltid svarar
til utgifter.
Brandal kjem ikkje stort inn på endringane i energisystemet, som
no også er unnateke reell politikk gjennom dei ordningane som er etablerte, men
han syner fram den allmenne logikken. Difor maktar han å syne sentrale trekk i
utviklinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.