Teater
Forvirrar meir enn det forklarar
1984? går inn i haustens teaterdebatt, men dessverre som døme på det vi har fått nok av.
Framsyninga er skriven fritt etter George Orwells framtidsroman.
Foto: Den Nationale Scene
Kvifor gjere det enkelt når det kan gjerast komplisert?
Kanskje hadde det beste vore å overlate regien til ein annan, for ved nokre høve har Tore Vagn Lid vist at han kan fortape seg heilt i teknologien og detaljane. Som her. Resultatet er blitt ei forvansking av noko som kunne vore presentert på ein langt betre og meir råkande måte. Som den siste halvtimen eller så, der regien syner kva enkelt og effektivt teater kan vere.
Med ein kaotisk scenografi som tek heile teatersalen i bruk, men òg gjer det vanskeleg for publikum å få med seg alt, og mange forstyrrande element, kan ikkje dette bli godt teater. Kaoset gjer det rett nok lettare å skjøne det som er blitt obligatorisk i norske sceneoppsetjingar – handhalde videokamera retta mot aktørane. Og så det evinnelege metaperspektivet, her ved at ein skodespelar rett som det er refererer til kva som står i manus, eller at vi også får sjå manus. Det går an å ha tiltru til at publikum skjønar at dette er spel og ikkje røyndom.
Denne framsyninga går inn i haustens teaterdebatt, men dessverre som døme på det vi har fått nok av. George Orwells roman er for viktig og relevant til å bli gjord til leiketeater.
Måten Lid har dramatisert romanen på, er heilt grei og ganske trufast mot originalen. Endringane han har gjort i teksten, er lette å godta og lette å skjøne. At han har erstatta Storebror med Den store andre, verkar unødvendig, men er til å leve med. Handlinga er flytta fram i tid, sjølvsagt, og rammehistoria med å la nokre motstandarar av det totalitære regimet i Oseania møtast i eit nedlagt teater, fungerer fint.
Sjølve kjærleikshistoria mellom Winston Smith (Bjørn Willberg Andersen), den einaste som er gammal nok til å vite korleis det var før «revolusjonen», og byråkraten Julia (Kjersti Dalseide), er den svakaste delen av romanen – men heilt avgjerande for slutteffekten. Her har Lid løyst dette på velfungerande – og svært skremmande – vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.