Bok

Forvandlingspoesi

Det er ei glede å få høve til å lese desse dikta på norsk. Ein kjenner språkkrafta til den portugisiske poeten.
 

Herberto Hélder skreiv både poesi og fiksjon. I 1994 takka han nei til Pessoa-prisen.
Publisert Sist oppdatert

Tove Bakke har gjendikta den portugisiske poeten Herberto Hélder (1930–2015) til norsk. Herberto Hélder er eit viktig namn i portugisisk samtidspoesi. Kanskje den viktigaste etter Fernando Pessoa, meiner somme. Sjølv om poesien til Hélder vert omtala som hermetisk og obskur, er han blitt ein slags kultfigur for unge portugisiske samtidspoetar.

Hélder var også ein hard kritikar av samtida si og vart verande ein framand figur for landets kulturelle establishment. Han nekta ofte å bli intervjua, og somme av bøkene hans kom i små opplag. Det vert sagt at han starta som ein slags surrealist, men utover 1960-talet blei han ein eksponent for eksperimentell poesi. Men kanskje er det rettare å seie at Hélders poesi står i spagat mellom romantikk og modernisme.

Eit lengdesnitt

Tove Bakke har også stått for diktutvalet. I Kvinner springande, springande får ein presentert eit lengdesnitt av poesien til Hélder, med dikt frå fem diktbøker utgjevne mellom 1953 og 1980. Sjølv om dikta nok kan fortone seg både framande og rare, har dei – også i Bakke si gjendikting – heilt openberre kvalitetar med tanke på rytme og driv. Det kjenner ein når ein til dømes les titteldiktet eller til dømes «Mangfaldig elegi III».

Og det er definitivt noko friskt over dei transformerande bileta, som når ein i eit dikt vigd til appelsinen les at «vatna pønskande ut/ fisken som sym like til han fullbyrdar seg i langsam/ lilje». Det er som om Hélder arbeider fram ei ny sjølvstendig sanseverd der dikta brått senkar seg ned i underverda for så å lyfte seg raskt og høgt over jordoverflata. Sitat av enkeltlinjer yter ikkje Hélder rettferd, det er i dei lengre poetiske strekka ein ser korleis språket både trekkjer seg saman og ekspanderer.

«Det eg prøver å seie er korleis alt er noko anna», heiter det nokså prosaisk i eit av dikta. Med dei stadige forvandlingane, rørslene og knoppskytande bileta får ein eit bestemt inntrykk av at dette er ein poesi yrande av språklege hendingar. Ei av diktbøkene til Hélder heiter då også Dikthandling (1960). Han dreiv også mykje med korrigeringar av dikta sine etter at dei var utgjevne, så ein kan seie at forvandlingsmotivet gjekk inn i sjølve arbeidsprosessen til poeten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement