Teater

Førsteklasses underhaldning

Musikalen om Jan Eggum er utan Jan Eggum – nesten.

Karoline Krüger, Kristian Berg Jåtten, Claus Sellevoll, Christine Guldbrandsen og Bjarte Hjelmeland i den romantiske forviklingskomedien.
Karoline Krüger, Kristian Berg Jåtten, Claus Sellevoll, Christine Guldbrandsen og Bjarte Hjelmeland i den romantiske forviklingskomedien.
Publisert

Av trubaduren Jan Eggums rike låtkatalog kan det sikkert lagast fleire musikalar. Men dei som var først ute, har kunna velje frå øvste hylle – og då kan det ikkje gå gale.

Likevel kunne dei gjerne ha plukka litt færre songar og gitt kvar tekst større rom, no blir det mange snuttar. Men mykje av materialet er godt integrert i heilskapen, og sluttresultatet er blitt førsteklasses underhaldning. Nye vinklar på songane får vi ikkje, det var vel ikkje meininga heller.

Forviklingskomedie

Av denne typen musikalar ventar ein ikkje så mykje av manus, ut over songtekstane, jamfør Mamma Mia!. Men Hanne Toreskås Aspheim har sett songane inn i ein romantisk forviklingskomedie, som gir aktørane på scenen høve til å spele teater ved sida av å tolke songskatten.

Lettbeint, rett nok, men ofte morosamt og med gode poeng. Eit metaperspektiv er også bygt inn, ved at personane prøver å skaffe seg invitasjon til ein Eggum-konsert – der hovudpersonen etter kvart dukkar opp i eigen høge person, utan å ta over heile showet.

Alle dei kjende Eggum-temaa har fått plass i framsyninga, som især byggjer på det han skreiv på nittitalet, og då særleg albumet Nesten ikke tilstede, noko av det mest popprega i produksjonen hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement