Teater

For mykje roman, for lite teater

Ein regi full av respekt, men utan kunstnarleg djervskap, reduserer ein stor roman til pliktløp.

Lena Kristin Ellingsen spelar hovudrolla som Brita Caisa. I bakgrunnen Ida Løken Valkeapää og Arthur Hakalathi som høvesvis Gretha, kona til Mikko, og Aleksi, sonen til Brita Caisa.
Publisert

Det første bindet i Ingrid Arvolas rike historiske romantrilogi, Kniven i ilden, er fullt av dramatikk og sterke kjensler. Likevel er det ikkje lett å yte rettferd til all denne rikdomen på ei teaterscene. Riksteatrets dramatisering illustrerer nettopp dette. Spelet blir til tider for stilleståande, og for mykje av teksten er telling i staden for showing.

Men når det er sagt, skal det leggjast til at framsyninga har fleire fine kvalitetar, både i skodespel og i dei koreografiske grepa som skal motverke effekten av den manglande dramatiseringa – som kanskje kjem av at Cecilie Mosli har late seg overmanne av respekten for romanteksten. I tillegg kjem alt det som går tapt av naturkjensle og poesi i romanen.

Såleis blir denne framsyninga nok eit døme på at dramatisering av populære romanar ikkje er framtida for norsk teater.

Dramatisk og vondt

Kniven i ilden er forteljinga om den sterke og – vil somme seie – uregjerlege, kvenske kvinna Brita Caisa Seipajærvi (Lena Kristin Ellingsen), som var Ingeborg Arvolas tipptippoldemor. Boka er ei kvensk, samisk og nordnorsk kultur- og identitetshistorie, der historia byrjar i Finland, men det meste av handlinga speler seg ut i Noreg.

Året er 1859. Brita Caisa, som både er synsk og har lækjande krefter, har to søner med to ulike fedrar – den eine til og med gift, men eigentleg ingen far til nokon av dei. Den eldste sonen, Aleksi (Arthur Hakalahti), vil ikkje lenger leve i skamma med ei horestempla mor og krev at ho finn ein mann å gifte seg med. Ho legg ut på ei lang vandring på ski frå Sodankylä til fiskeværet Bugøynes i Sør-Varanger for å finne ein fiskar med hus, båt og bruk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement