Film
For lite forbanning
Forbannelsen er ein ambisiøs film som ikkje innfrir, dersom ikkje forventninga er å få ein overlest film med mykje drama.
Året er 1918, og spanskesjuka herjar. Ein pastor vender heim frå Madagaskar for å etablere ein kyrkjelyd i eit norsk gruvesamfunn.
Foto: SF Studios
Vesle samiske My (Nygård) vert adoptert av presten Lautitz (Sælid), den døyande kona (Pedersen) og deira frynsete, heimkomne soldatson Oscar (Moe) og blinde dotter Agathe (Hjarne). Og herifrå går det berre sånn passe med heile gjengen.
Sjanger 1
Eg har lyst å sitera gode, gamle Wikipedia med tanke på sjangeren thriller: «Betegnelsen brukes i sin videste definisjon som synonym for ’en svært spennende historie’.» Legg til tittelen Forbannelsen, så burde det vore duka for gode greier for dei som likar gåsehud og grøss og gys. Burde.
Eg skreiv fyrst automatisk «drama» då eg skulle kategorisera denne filmen, og eg vil seia at dei som ser traileren i tillegg, kjem til å bli skuffa om det er ein thriller dei forventar seg. Det er enormt lite grøss utanom eit par svevescener og ei blodspyttande Ellen Dorrit Pedersen ganske i starten. Det er kanskje dårleg gjort å avsløra dette, men igjen: Det er som sagt desse scenene traileren òg har teke med.
Så kva er det den ytst produktive regissøren Henrik M. Dahlsbakken har hatt på hjartet denne gongen? Siste film eg såg av han, var Prosjekt Z (premiere 2021), ein zombieskrekk-komedie som heller ikkje var skummel. Det er store tema han sneiar innom i Forbannelsen: incest, overgrep, maktmisbruk, samehets, alt sett til eit gruvesamfunn kring Røros og med fyrste verdskrigen og spanskesjuka trugande i kulissane saman med overnaturlege krefter og barnelik i kjellaren.
Det skortar ikkje på innfall, det skal seiast, og dermed blir det ikkje ein kjedeleg film, det skal han ha. Men den einaste spenninga eg strengt talt føler på, er kor mange fleire element som kan rullast opp før rulleteksten kjem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.