JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

«For i bakvendtland, der kan alt gå an»

Øystein Kvamme Skjæveland skriv om eit skulesystem der lærarar vert underordna elevar – og byråkratar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elevar frå ei anna tid på Hauketo skule i Oslo i 1959.

Foto: Aage Storløkken / NTB scanpix

6104
20200207
6104
20200207

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Øystein Kvamme Skjæveland:

Frå lærerautoritet til elevdiktatur. Lærernes lille røde

Svein Sandnes Bokforlag

Forfattaren av denne boka har ein CV som gjev god bakgrunn for eigne meiningar: Han har vore rektor ved tre vidaregåande skular i Oslo, og han har undervist i engelsk, tysk og fransk, noko han gjorde til han vart pensjonist i 2012, 68 år gamal. Vel, så han er gamal, nett som denne meldaren, og meiner at alt var mykje betre før, nett som denne meldaren? Vi har båe gått på det som heitte gymnas, i ei tid då eit mindre, og difor meir motivert og flinkare utval av årskullet, sleppte til.

Men så kom 68-opprøret, som var eit opprør mot (patriarkalske) autoritetar og innbilt kadaverdisiplin, og som først og fremst vann fram i utdanningssektoren. Forfattaren fortel at då han byrja på Berg Gymnas i 1975, jobba snikkarar med å fjerna det gamaldagse og autoritære podiet der lektoren stod og såg ned på elevane, eit konkret uttrykk for nedbygging av autoritetar. Lektorane forfattarane og eg hadde, hadde på seg dress og slips, medan 68-lærarane var langhåra og gjekk med hippieklede, nett slik som elevane.

Allmennskule

I 1979 vart myndigalderen senka til 18 år, slik at elevane på vidaregåande skule vart juridisk likestilte med lærarane. I takt med det kom det stadig nye læreplanar som flytta undervisningsfokuset frå lærarforelesingar til gruppearbeid og såkalla ansvar for eiga læring. Elevane fekk stadig fleire rettar, mellom anna fekk alle rett til vidaregåande utdanning. Det gamle elitegymnaset vart erstatta med ein allmennskule, fylt av mindre motiverte elevar som takka dei velmeinande sekstiåttarane med disiplinsamanbrot i klassene – skildra av lektor Simon Malkenes i ei Dagsnytt 18-sending og i boka Bak fasaden i Osloskolen, om tilhøva ved Ulsrud vidaregåande skule i Oslo.

Dinest fortel forfattaren om korleis rektorrolla vart endra: frå å vera ei sjølvstendig rolle, med opne linjer til kollegaer og overordna, til å verta eit lydig styringsorgan for skuleetaten. Til gjengjeld fekk rektor makt til å styra nedover gjennom tilsettingar og ekstra lønsmiddel. Skulen vart omdanna til ei bedrift som skal produsera profitt i form av karakterar, noko som skal oppnåast gjennom streng målstyring, der hovudmålet i læreplanane vert brote ned «i et svimlende antall delmål. I noen fag opererer man med over 100».

Som gode verksemder skal skulane skaffa seg dei beste lærarane gjennom bruk av ekstra lønsmiddel, noko som resulterer i konkurranse og inndeling i A- og B-lærarar, og ikkje minst i avund og oppløysing av solidaritet i lærarkorpset. Elevane på si side får auka tilgjenge til å klaga, noko mange nyttar seg av, men ofte på urealistisk grunnlag. Det gjev ekstraarbeid og trugar sommarferiane til lærarane. Karakterjaget fører òg til press på lærarar frå kollegaer, rektor, elevar, foreldre og ikkje minst advokatane deira.

Konkurransen mellom skulane for å skaffa seg dei beste elevane ved opptak, vert også stor. Her gjeld det å byggja opp og ta vare på omdømet, noko som oppmodar til neddyssing av uheldige episodar på skulane.

Vald og mobbing

Men det alvorlegaste i boka er to kapittel om vald og eit om mobbing i skulen. I dei første er det eitt døme som står i sentrum, nemleg saka om valden frå ein elev mot lektor Clemens Saers, og korleis han har gått gjennom rettsvesenet for å få erstatning av Oslo kommune. Saers har tapt i to rettsinstansar, men saka skal no ankast til Høgsterett, takk vera pengeinnsamling – meir enn 600.000 kroner – frå kollegaer.

Jussen her er komplisert, men Skjæveland gjev ei grundig framstilling av dei faktiske hendingane og støttar anken. På framsida av boka vert det annonsert at 50 kroner av kvar selde bok går til Clemens Saers.

Men kan hende er det viktigaste kapittelet i boka om den nye såkalla mobbeparagrafen, paragraf 9A i opplæringslova. Gode intensjonar om å ta vare på elvar som vert mobba, særleg av lærarar, har av lærarfagforeiningar vorte tolka som ein trussel mot rettstryggleiken til lærarane.

I loven står det mellom anna: «Den ansatte skal ikke stille spørsmål ved den krenkede elevs subjektive opplevelse. Det foreligger en krenkelse om en elev føler det slik.» Dette gjer at spørsmålet om det er rimeleg at eleven har ei kjensle av å vera krenkt, vert irrelevant.

Ein elev som mislikar ein lærar, kan i ytste konsekvens få fjerna han gjennom skuldingar om at læraren har framkalle ei kjensle av krenking, særleg i samspel med prosedyrereglar som gjer det vanskeleg for læraren å forsvara seg. Kva om læraren kritisk påpeikar feil i ei innlevering, og eleven kjenner ubehag: Er det krenking? Dette er ei krenkingsforståing vi òg finn ute i resten av samfunnet, som er eit teikn på ei generell emosjonalisering, til dømes i samband med religionskritikk.

«Gagns menneske»

I tillegg, som filosofen Atle Måseide har argumentert for i fleire kronikkar og artiklar, kan mobbeparagrafen undergrava den overordna målsetjinga for skulen: å laga «gagns menneske». Eleven treng ikkje å argumentera rasjonelt for klagen sin. Det er som om opplysingstida er avskaffa i skuleverket. Eit gagns menneske er vel eit rasjonelt menneske som kan stå for og forsvara meiningane sine?

Boka er kort, på berre 104 sider. Ho er innhaldsrik av di ho er så godt og konsentrert skriven. (Forfattaren får ein seksar av meg og treng difor ikkje å klaga eller vera krenkt.) Poeng vert illustrerte gjennom forteljingar om konkrete episodar.

Sjølv har eg inga tru på at det går an å snu utviklinga. Forfattaren sjølv finn dessutan òg mykje positivt i skulen, sjølv om han i sitt neste liv ønskjer å verta advokat «for å fotfølge enhver forelder som unndrar seg oppdragerplikten ved ukritisk å redde barna ut av selvforskyldte kniper».

Ein får gjera det beste ut av det verste.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren får ein seksar av meg og treng difor ikkje å klaga eller vera krenkt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis