Før hurtigruta og containerskipa
Nytt museum stiller ut historia om jektefarten mellom Nord-Noreg og Bergen.
Museet ligg fint til i strandkanten.
Foto: Arild Pedersen
Nordlandsmuseet
Jektefartsmuseet
Bodøsjøen
Eigentleg er det Kystpartiet, og ikkje bondepartiet Sp, som skulle ha vore Noregs tredje største parti – om det hadde vore mogeleg å sameine interessene til alle dei som bur og arbeider langs kysten. Noreg er ikkje eit bondeland, men eit kystland. Landet er eigentleg berre éin lang og oppstykka kyst, med nokre små åkerteigar mellom fjella innanfor. Fisken har vore viktigare enn kua, og båtleia viktigare enn vegane. Folk flest har ikkje budd i bondestover. Fleire har brukt oljehyre enn bunad.
Heldigvis har vi likevel no fått mange museum som tek vare på kyst- og båtkulturen. Vi har Norsk sjøfartsmuseum, der det for meste er utstilt små modellar av skip. Men vi har òg en tradisjon for å stilla ut verkelege, men landfaste skip under tak: Fram og Gjøa og Kon-Tiki og ikkje minst vikingskipa, alt dette på Bygdøy. I 2020 skal den gamle hurtigruta Finnmarken byggjast inn i eit spektakulært glashus på Stokmarknes. I Hemnesberget finn vi Ranheimbrygga Maritime Museum der det er samla gamle båtmotorar, og i Gratangen ei stor samling av tradisjonelle segl og robåtar i Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum.
Opna i juni
No har det komme eit flott tilskot til desse båthusa: Den 22. juni i år vart Jektefartsmuseet i Bodø opna, nok eit argument for at Bodø skal verta europeisk kulturhovudstad. Ikkje berre takk vera sjølve museet og den autentiske jekta som står der inne, men òg takk vera at båthistoria som museet har teke vare på, på handlar om korleis nordnorske varer, tørrfisk og pels, vart transportert via Bergen og ut i Europa, og altså knytte Arktis og Kontinentet saman innanfor eit tidleg EØS-system.
Jekta var såleis si tids hurtigrute, eller containerskip, i perioden 1600 til ut på 1900-talet. Ho vart utvikla frå norske båtbyggjartradisjonar tilbake til vikingskipa, klinkbygd som dei, men som ein brei balje, og etter kvart med butt hekk for å få plass til meir last, opphavleg utan dekk, og med dårlege fasilitetar for sjøfolka. Ikkje laga etter teikningar, men ut frå handverkskunnskapen i den bygda der folket investerte i ho. Og ikkje nokon god sjøbåt, med råsegl og toppsegl, der turen over Hustadvika og Stadhavet var avgjerande for å koma til Bergen eller attende. Men tørrfisk var lett last og kunne stablast i høgda utan at båten vart meir ustabil. Attende var lasta tyngre: salt og korn og ulike handelsvarer, mellom anna brennevin og klede.
«Anna Karoline»
Alt i 1939 hadde Nordlandsmuseet planar om ta vare på denne historia innanfor eit museum. Men jekta dei hadde den gongen, «Brødrene», vart grunnstøytt, saman med planane, då tyskarane kom på vitjing. I staden fekk Nordlandsmuseet i 1954 tak i «Anna Karoline», bygd i Mosvika i 1876, som vart sett på land i 1959, i Bodøsjøen, der ho dei siste tiåra har stått i eit skur. Her må det nemnast at «Holvikejekta» i Gloppen i Nordfjord vart teken vare på alt i 1909–20; ho står no under eit tilsvarande skur med von om eigen museumsbygning.
22. juni i år vart altså ei slik von oppfylt for «Anna Karoline», då museet hennar vart høgtideleg opna, også dette i Bodøsjøen. Der inne står ho i eit særs funksjonelt museumshus som i tillegg har påfallande gode utvendige estetiske eigenskapar og ikkje minst er plassert, slik god arkitektur skal vera, i dialog med landskapet.
Arkitekt er Sami Rintala som er mykje prislønt, ikkje minst for dei kasseliknande fordjupingsromma (The Artic Hideaway) som han har strødd utover Fleinvær, ei forblåst øygruppe utanfor Bodø, og som har vore på framsida av Lonely Planet. Jektefartsmuseet er laga i same stil: med reinskorne veggflater og avskore tak, som gjev museet inntrykk av å vera tre kasser, ei stor og to små, snarare enn eit hus. Ikkje heilt ulikt stilen til Holts Hamsunsenteret i Hamarøy. Museet er passande plassert i fjæra, i ei vik, som om det er eit naust. Strandområdet i nærleiken er tilrettelagt med gangvegar og benkar.
Galleri
Inne i den midtarste kassen finn vi sjølve jekta, med råsegl, rett nok med litt kortare mast enn vanleg for å få plass. Kring dette går det eit galleri som gjer at ein kan få oversyn over innsida av båten. Og langs dette er det plansjar og objekt som fortel historia om jektefarten. Men vi entrar museet gjennom den mindre sideboksen, der vi finn ein stor og lys kafé som byr på grei mat og god vin, og vid utsikt sør-sørvestover mot Børvasstindane og Sandhornet. Der er det òg plass til administrasjon og ein konferansesal. Særleg i mørketida må dette vera ein fin stad å observera den manglande soloppgangen. I den andre sideboksen er det mellom anna hengt opp mindre nordlandsbåtar og kulissar som etterliknar Bryggen i Bergen, målet for jektefarten.
Spørsmålet er om folk vil vitja museet. Det ligg tilsynelatande avsides til, rundt tre kilometer frå sentrum. Men eigentleg er det godt samband dit. Det går buss frå sentrum nesten heilt fram til museet (line 2). Det som manglar, er skilting som viser veg frå busstoppestaden. Forresten er der òg en stor parkeringsplass, men det er det vel ikkje korrekt å nemna.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Særleg i mørketida må dette vera ein fin stad
å observera den manglande soloppgangen.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.