Teater

For eit slit!

Panini-BoysRoom har velkjent estetikk og for mykje innhald på tomgang. Dersom Festspillene i Bergen ønskte seg ein ny skandale, fekk dei det ikkje.

Vinge har sagt at han ein gong trudde på teatret, men at han no berre trur på fotball og Gud.
Vinge har sagt at han ein gong trudde på teatret, men at han no berre trur på fotball og Gud.
Publisert

Det sprutar framleis av det norsk-tyske teaterparet Vinge/Müller, men helst med effektar vi har sett før, effektar som sjokkerer første gong, men som i performanceinstallasjonen Panini-BoysRoom kjennest velbrukte. Vi har sett Vegard Vinge drikke sin eigen «urin», vi har sett han drite og ete «ekskrement» (sjokoladepudding). Sterkast inntrykk gjer det å skulle sitje i seks timar på hardt underlag og utan ryggstø.

Det mest imponerande ved Panini-BoysRoom er scenografien, med ein norsk einebustad frå 1970-talet som sentrum. Veggane i denne «katedralen», som vi lenge berre ser glimt av innsida frå på videoskjerm, men etter kvart blir tekne med inn i, er dekte med teikna kopiar av fotballkort (Panini-kort) med spelarane på dei ulike landslaga som spelte i VM 1982, pluss det norske landslaget som sensasjonelt slo England i kvalifiseringa året før, men likevel ikkje nådde sluttspelet. Og oppe under kuppelen svever ikkje Michelangelos Gud, men tidas fotballgudar. Medrekna alt dekkjer scenografien om lag 35–40 breiddemeter, med rom for både fotballbane, katedral, klokketårn og meir til.

Multimedieshow

Det er råd å spørje seg: Får dei to teaterskaparane sagt meir på seks timar enn andre klarer på halve tida? Svaret mitt er nei. Panini-BoysRoom er eit slags totalteater og multimedieshow som skal påverka alle sansane, og der insisterande repetisjonar hamrar inn «bodskapen». Men innan framsyninga endar i oppløysing og meiningsløyse, som saktens kan gi meining i seg sjølv, har vi opplevd for mykje tomgang og for liten intensitet. Mot slutten tek dei også til å demontere scenegolvet. Stundom hadde eg ei kjensle av at dei var ute etter å teste tolmodet til publikum. At mindre enn helvta av publikum heldt ut til siste slutt, var som ein kunne vente.

Framsyninga kan best karakteriserast som ein happening, der opphoping av ulike element er eit poeng i seg sjølv. Spør du kva Vinge/Müller – eller festspeldirektøren – vil med dette, blir eg svar skuldig. Det er som om det kompromisslause radarparet vil skape verda om att, eller lage si heilt eiga. Vinge har sagt at han eingong trudde på teateret, men at han no berre trur på fotballen og Gud. Kanskje er det nettopp dette han ønskjer å få fram med denne oppsetjinga? Sjølv maktar eg ikkje å skape klar meining av mangfaldet av idear og inntrykk etter å ha sett stykket berre ein gong.

I beste multimediale ånd er framsyninga full av musikalske, litterære og allmennkulturelle referansar, i tillegg – sjølvsagt – til blod og skit, skrik og rop og høg, dunkande, enerverande puls. Her er motorsagmassakre og sex med ei utstillingsdokke som først må få bora opp kjønnsopningar, her er barnemishandling og videovald. Splatter og meir splatter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement