Film
Føkkings bygda – igjen
Bygd eller småby, alt er bondeknølete om ikkje heim er storbyen.
Anni (Hanne Skille Reitan) rømmer frå Oslo og heim til Steinkjer. Der alt er som før, mellom anna gamlekompisen Kjell-Rune (Hermann Sabado).
Foto: SF Norge
Etter å ha spydd på direkten på barne-TV blir Anni (Reitan) permittert, og ho ser ikkje nokon annan utveg enn å flytta heim på jenterommet i Steinkjer for ei stund. Den gamle sommarjobben hos Oddbjørn (Brandtzæg) på bensinstasjonen er ledig, det same er gamlekompisen Kjell-Rune (Sabado) og gamleflammen Erik.
Håpet er at nyeflammen og produsenten Isak (Ajkic) i Oslo skal rydda opp, slik at ho kan koma seg vekk frå fettlærv-Steinkjer.
Bygdekvinnefilmlaget
Ein irriterande gjengangar i det aller meste eg har sett av filmar om å koma tilbake til bygda og småbyen (norsk som utanlandsk), er kor annleis, travelt og moderne livet i byen er, og kor utruleg tilbakelente og bakstreverske alle utanfor er. Anni har budd så lenge i hovudstaden at ho trur Uber finst overalt, tenka seg til! Ho er aldeles frodande rundt munnen over kor teit og forstokka alt og alle er, og himlar så hardt med oppsperra auge at det gjer vondt å sjå på. Ho er rett og slett i overkant sur, med så mykje mimikk og grimasar at det minner mest om ein slemming i ein barnefilm.
Bygdeskepsisen vert ofte skildra frå eit kvinneperspektiv, til liks med Fuckings bygda (2023) av Frøydis Fossli Moe. Regissør og manusforfattar Julie Skaufel kjenner godt formatet gjennom serien Hjem til jul, som ho var med og skreiv. Også her er dette med å vera singel og oppi åra eit ynda tema. Kanskje kjenner kvinner meir på desse problemstillingane, men det verkar tannlaust – det kjennest som eg har sett heile Heim før.
ForbAnni
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.