Bok
Flukt, fengsel og eksil
Abbas Khider skriv om eit Irak i splitting og splintar – og det gjer han med stor sans for samanheng.
Abbas Khider har skrive ein oppvekstroman frå Irak.
Foto: Peter Hassiepen | Munich
Abbas Khider er fødd i Bagdad i 1973. Han blei fengsla av Saddam Husseins regime som tjueåring og hamna i Tyskland etter nokre år på flukt. Han skriv i dag på tysk. I De elendiges palass møter vi Shams som veks opp i det sørlege Irak, i ein landsby som blir kalla «Hjertelige helvete».
Krigen mellom Iran og Irak (1980–88), Kuwaitkrigen i 1991 og den tredje Golfkrigen (2003) er ramma for forteljinga, og den stadige uroa som følger krigshendingane og diktaturet, kviler over handlinga. Ikkje er ein trygg på gata, ikkje er ein fri i språket eller i tanken. Samstundes må ein prøve å leve så normalt som mogleg for ikkje å gå under.
Samtalar i skjul
Shams og familien flyktar til Bagdad, men blir buande i eit fattigsleg strok. Det er heller ikkje her sjølvsagt å få nok av mat, reint vatn, pengar og arbeid. Men Shams får skulegang, etter kvart òg høgare utdanning, og han blir ein del av ei undergrunnsgruppe som kallar seg «De elendiges palass».
Dei kjem saman for å lese og diskutere litteratur og politikk, ikkje for å lage bomber eller klekke ut terrorplanar, men for regimet er det jamgodt. Når ein bruker tid og krefter på å spreie propaganda, og på å kontrollere media for å ta ifrå innbyggarane høvet til å orientere seg, passar det dårleg om nokon går og opplyser seg sjølv.
«På radio og tv går han oss konstant på nervene. Saddam døgnet rundt. Det er nok til å få nedsatt hørsel eller syn av, i det minste veldig vondt i hodet.» Shams sel bøker på ein marknad, og i bakhand har han illegal litteratur, for dei som veit kva dei skal spørje etter. Han blir til sist angitt og fengsla for dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.