Film

Flinkisfilm frå filmskulen

Kometen er absolutt ein sjåverdig film sjølv om han manglar det vesle ekstra.

stronomen og UFO-forskar Bill (Langhelle) og Gustav (Bøum) ventar på at far til Gustav skal koma att.
stronomen og UFO-forskar Bill (Langhelle) og Gustav (Bøum) ventar på at far til Gustav skal koma att.
Publisert

Far og son går i skogen då ei lyskjegle brått bryt gjennom trea. På få sekundar forsvinn faren – for godt. Ti år seinare bur sonen, Gustav (Bøyum), framleis på motellet mora (Mosli) driv, og han har aldri gjeve opp draumen om at faren skal koma attende. Ifølge astronomen og UFO-forskar Bill (Langhelle) skal dette skje på tiårsdagen etter at han vart borte. Og så, som kometregn frå himmelen, dukkar Charlotte (Eggesbø) opp og røskar i tilvêret og illusjonane til Gustav. Det er tid for realitetsorientering.

Studentfilm

Ein skal gå til kinosalen med ope sinn, men når Kometen hovudsakleg vert promovert som fyrste film produsert av masterstudentane ved Den norske filmskolen på Lillehammer, blir det til at dette ligg i bakhovudet. Verkar filmen amatørmessig? Skulefilmaktig? Nei, det synest eg ikkje. Den duse filminga fangar detaljar og stemningar like godt som mange andre, proffe produksjonar. Skodespelet står ikkje tilbake på nokon måte – så er det altså ikkje nybyrjarar som står for denne delen. Det gjer heller ikkje dialogen. Oppbygginga er fin: Idet du trur det er for enkelt, vrir handlinga seg.

Så då har vel studentane laga eit meisterverk, då?

M +

Som i alle kreative utfaldingar er det ikkje alltid lett å setja fingeren på kva som skil god kunst frå stor kunst. Å følgja boka har sjeldan ført til opplevingar utanom det vanlege, nettopp fordi det dermed ikkje oppstår noko uvanleg. Ein konsert med gjennomflinke musikarar treng ikkje gripa ein på langt nær slik ein rufsete gatemusikar heilt frå det blå kan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement