Teater
Fleirstemt frå innsida
Eit nordisk kollektiv om eit samfunn i krise.
Ensemblet leverer framifrå innsats, meiner Jan H. Landro.
Foto: Sebastian Dalseide / Det Nationale Scene
Skal vi halde oss til tittelen, og det bør vi vel, er det eit asyl (ikkje asylmottak) denne framsyninga tek oss med inn i. Verdas ende kan vere kvar som helst, og det er vel nett der vi er i dette stykket. Det ber preg av å vere eit kollektivt prosjekt, skrive av fem nordiske forfattarar, der hovudforfattaren Tale Næss kanskje har vore meir oppteken av å la kvar røyst (Jonas Eika, Fatemeh Ekhtesari, Timimie Gassko Märak og Henning Bergsvåg) komme fritt fram enn av å kople tekstane saman til ein tydeleg einskap. Men det kan òg vere eit bilete på verda vi lever i, der det snart ikkje lenger er råd å skilje mellom galskap og klokskap.
Vi er altså i eit galehus med tre innlagde og to tilsette, men det er ikkje alltid like lett å sjå skilnaden på gruppene. Tida og verda utanfor får vi vite lite om, men det er tale om vald og forsvinningar, indikasjonar på det autoritære. Nokre av dei innlagde veit ikkje eingong kvifor dei er der (noko som sjølvsagt kan vere teikn på at dei absolutt høyrer heime der). Men vi får ei kjensle av at det som er på utsida, kan vere noko det ikkje er verdt å freiste å flykte ut til.
Dette vesle, avgrensa universet har nok med sitt. Det dei innlagde blir utsette for av behandling, kollektive samtaler der dei skal «tømme» seg, utartar til karikatur. Det verkar som om alle er like, og alle er ingen. Men så skjer ting som bryt mønsteret – «ulovleg» kjærleik eller begjær og tendensar til opprør. I dette ligg eit glimt av lys, av von om noko betre og annleis.
Men gir det grunnlag for ein optimisme som kan overførast til det som skjer utanfor institusjonen? Om ikkje anna gir det mat til ettertanke og refleksjon og eit blikk på det som skjer kring oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.