Film

Filmar som heva seg

Publisert

Nok eit år fullt av lettbeinte actionfilmar og romantiske komediar ligg bak oss, og vi får nok ein sjanse til å dra fram dei filmane som verkeleg heva seg over resten.

Lattertårer

Når det er tid for gjennomgang av årets kinopremierar, er eg nesten litt spent på kva som til slutt står att på toppen av blokka. Kva som gjer at nett desse blir ståande, er nok ei blanding av fyrstegongsreaksjonar, balansen mellom tårer og latter, og ettertankar. I så måte vender eg stadig tilbake til The Square (regi: Ruben Östlund) under gjennomgangen. Det er sjeldan ein film får meg til å le så heilhjarta frå start til slutt. Eg verdset vanlegvis oftare dei som får meg til å ta til tårene, ikkje av latter, men fordi det er så trist. I same trekk må eg då trekka fram noko så sjeldan som ein norsk film på topplistene mine. Herlege The Rules for Everything (regi: Kim Hiorthøy) er mildare enn The Square, men pirkar litt i dei same sakene – den fortreffelege middelklassen som eg sjølv nok blir rekna inn under. Då vil kanskje frydefulle Battle of the Sexes (regi: Valerie Faris og Jonathan Dayton) hamna i same kategorien, men om ein ser vekk frå at tennis vert sett på som ein rikmannssport, er tematikken likeløn den viktigaste her. Det og retten til å elska den ein vil.

Lev og elsk

Og 2017 har vore eit bra LGBTQ-filmår. Oscar-vinnaren Moonlight (regi: Barry Jenkins) sat rett i mellomgolvet. Det same gjorde dokumentaren I Am Not Your Negro (regi: Raoul Peck) om forfattaren James Baldwin, som gjekk fremst både i borgarrettskampen og homokampen på sekstitalet i USA. Ein av dei finaste filmane om transpersonar eg kan hugsa å ha sett, er chilenske En fantastisk kvinne (regi: Sebastian Leilo). Så trist, så fin og så håpefull på same tid. Og nett desse orda skildrar godt endå ein favoritt: God’s Own Country (regi: Francis Lee). Her er ikkje legning det største problemet, men korleis ein behandlar den ein elskar, uansett kjønn. Og det er då saktens på tide.

Krig og trygd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement