Film
Woody bit for bit
Om du som meg har late tvilen koma Woody Allen til gode, er den tida over etter å ha sett Allen v. Farrow.
Mia Farrow og Woody Allen med familien.
Foto: HBO
Fyrste skuldinga mot filmskapar Woody Allen kom i 1993, då adoptivdottera Dylan var sju år og fortalde om kva faren dreiv med når ikkje andre var til stades. Etter det vart det stille før Dylan på nytt kom på banen i 2014. I mellomtida laga Woody Allen framleis nokre av sine beste filmar, nærast utan at overgrepssaka var nemnd. Kva skjedde eigentleg?
Apropos alt
Det som slo meg då eg hadde sett fyrste episode av Allen v. Farrow, var kor einsidig historia vert fortald. Kvifor får me ikkje Allens synspunkt? Kvifor står ikkje fleire fram og forsvarar Allen? Dei einaste reine meiningsytringane me får frå den kanten, kjem gjennom opplesing frå boka han gav ut i fjor, Apropos of Nothing.
Eg har lese fleire bøker både om og av Woody Allen, som den store fanen eg er, men denne siste hadde eg ikkje lyst å lesa, kjende eg. Etter at Dylan Farrow stod fram i 2014, vart det så guffent, alt med Woody Allen, så vanskeleg å veta heilt kva ein skulle tru. Verka ikkje Dylan eigentleg berre som ei forvirra, ustabil ung dame som ville ha merksemd for noko som vel var eit tilbakelagt stadium?
Allen har hevda si uskuld i alle dei år, men berre éi slik skulding er nok til å skapa ubehag. Og difor orka eg ikkje lesa ei bok som uansett berre var hans eige syn. Den 85 år gamle mannen som framleis lagar filmar, om enn middelmåtige, med eit par heiderlege unntak (Midnight in Paris frå 2011 og Blue Jasmin frå 2013, for min del), og som framleis er gift med Soon-Yi, den 35 år yngre adoptivdottera til dåverande partnar Mia Farrow. Det kunne vore ein film!
Overkøyring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.