Film

Wonder Woman på strøket

Alle menneske er menneske, om du nokon gong skulle lura på det.

Kristen er tidlegare prostituert og filmskapar.
Kristen er tidlegare prostituert og filmskapar.
Publisert

New Yorks gamle kjøtdistribusjonskvartal, Meatpacking District, er noko av det hippaste og dyraste du kan finna i dag. Heilt fram til utpå 2000-talet var dette eit lurvete strøk, og særleg på 14th Street, som dei kalla the stroll («spaserturen»), samla transkvinner seg og tilbydde seksuelle tenester.

Ikkje berre sørgeleg

I 2007 følgde eit filmteam Kristen Lovell i det som blei dokumentarfilmen Queer street. Fascinert over filmmediet bestemte Lovell seg for å læra seg meir, og 15 år seinare debuterer ho med ei ganske unik oppsummering av livet som transkvinne – om seg sjølv og venene, sexarbeidarane som overlevde.

Og overleving er stikkordet, for desse (for det meste ikkje-kvite) jentene får ikkje mange sjansane til å leva som jenter, og når dei i ung alder enten må flytta heimanfrå eller undertrykka kjønnsuttrykket sitt, er det ikkje slik at arbeidsmarknaden er der og tek imot dei med opne, forståingsfulle armar.

Når ein ser at transpersonar er overrepresenterte i sexbransjen, kan ein sjølv legga saman at overgrep og annan kriminalitet vil ramma desse hardare enn om dei hadde vorte gjevne meir stovereine jobbar. Så langt eit sørgeleg kapittel, men det er akkurat her Kristen Lovell snur The Stroll til noko langt meir enn ei sørgebok.

Blikk fram og tilbake

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement