Film

Vi over sexy

Hadde eg drukke like mykje vin som dei fire damene i filmen gjer, hadde eg kanskje ledd meir.

Diane Keaton og Andy Garcia i filmen Book Club.
Diane Keaton og Andy Garcia i filmen Book Club.
Publisert

I førti år har dei fire damene treftest til bokklubb kvar månad. Når Vivian (Fonda) kjem med Fifty shades of Grey, den bestseljande romanen om røff sex og frie taumar, blir dei fyrst skeptiske, og så berre beinkåte. Rart kva det skrivne ord kan gjera med ein.

Eggstokk dumme

Møt fire, pene, kvite, velståande damer i ein slags ubestemmeleg jamalder ein plass opp mot sytti – éi framleis gift, éi enke, éi promiskuøs og éi evigsingel. Eg trur formelen hadde fungert betre som papirdokker enn som film. Resultatet blir som ein slags geriatrisk Sex og singelliv. Det er rett og slett umogleg å ikkje samanlikna. Men der TV-serien i det minste prøvde ta opp enkelte viktige saker, som det at ein kanskje ikkje ha mann eller barn for å bli lukkeleg, er Book club totalt opphengd i at du for Guds skuld ikkje må enda opp åleine. Det er forvirrande å sjå ein film som skal verka alderspositiv, når eg berre tenker at dette er hysteriske damer uansett kva dato som står på fødselsattesten deira.

Stå på

Det har vore svært viktig for debutantregissør Bill Holdermann å få fram kor mykje sex betyr for desse eldre damene. Den relativt unge mannen har kanskje ikkje potensproblem, men kunne teke seg bryet med å avliva myten om at Viagra gjev erigert penis berre ein svelgjer pilla. Men på den andre sida – då hadde han ikkje kunna bruka denne ufatteleg slitne spøken, og det ville jo vore for gale! Det er mannen til Carol (Steenburgen) som vert utsett for dette desperate forsøket frå den aldeles overkåte kona si. I eit lite snev av ekte alderdomsproblematisering tek han opp at det er overgangen frå å vera i jobb til å bli pensjonist som tyngjer han mest. Denne delen er langt meir interessant og viktig enn terpinga på at ein skal ha sex som ein tjueåring heile livet.

Sex-og-seksti

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement