Film
Verst i klissklassen
Suppete, rotete drama forkledd som snedig indiefilm? Nei takk.
Antonio Banderas og Adrian Marrero i ein film som byrjar lovande.
Foto: Jose Haro / Norsk Filmdistribusjon
Kvifor held det på å klikka for Will (Isaac) ein morgon i New York? Gjennom tilbakeblikk og sideblikk blir me kjende med han, kjærasten Abby (Wilde) og familiane deira. Ulike vendingar tek oss med både bakover og framover i tid.
Klissete
Det startar i grunnen ganske lovande. Mange referansar til Bob Dylan, sånne digge brownstone-hus med skikkeleg pene, men kule folk inni, ironiske kjærleikserklæringar og på alle måtar ein typisk feelgood-indiefilm frå landet som fann opp denne sjangeren. Men så går det gradvis over i den andre sjangeren USA er kjent for, nemleg suppete kjærleiksdrama fylt av klisjear. At dei har blanda inn litt eksotisk smakstilsetning ved å ty til Antonio Banderas, gjer ikkje filmen mindre klisjéaktig. Det verste er, når dei gjer som i Life Itself, at dei prøver å forkle klisjeane, som om dei prøver å lura sjåaren til at det eigentleg er veldig originalt, det dei driv med. For bismaken som kjem snikande, er ikkje til å ta feil av – det er noko «keisarens nye klede»-aktig med denne etter kvart ganske håplause filmen.
Klassete
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.