Film
Ver helsa, Benedetta, full av Maria
Dels komisk, dels spennande og fullt ut ein film som skor seg på at sex – særleg blant kvinner og særleg-særleg blant nonner – sel.
Nonna Benedetta lir av forstyrrande religiøse og erotiske visjonar om Jesus.
Foto: Another World Entertainment
Vi er i Italia i 1619. I klosteret i Pescia får priorinna (Rampling) eit dilemma då syster Benedetta (Efira) brått viser fram stigmata. Benedetta får full støtte av den nykomne novisa Bartolomea (Patakia), noko som skal visa seg å vera omtrent like problematisk som å lyga på seg Jesu sårmerke.
Mjukporno
Det er freistande å avskriva Benedetta som nok eit lesbisk kostymedrama i same treige tralten som The World to Come (2021), Ammonite (2020) eller den sterkaste av dei, Portrett av en kvinne i flammer (2019). I fleire scenar må eg flira av å tenka på Saturday Night Live-sketsjen Every Lesbian Period Drama Ever, som oppsummerer den nye «sjangeren» litt for godt: «Two hours of excruciating tension, all building up to a sex scene so graphic you’ll think, oh right, a man directed this.»
Og når eg tenkjer tilbake på andre Paul Verhoeven-titlar som Basic Instinct (1992) og Showgirls (1995), hadde det kan henda vore meir overraskande om han hadde klart å tona ned mjukpornoelementa heller enn å forsterka dei, som her. Der før nemnde «lesbiske kostymedrama» brukar vel så mykje tid på tidskorrekte kostyme, talande blikk og handrørsler... I Benedetta leikar dei ikkje butikk, det er langt frå dvelande og treigt.
Systerleg kjærleik
Når ein veit kor tynt grunnlag ein treng ha for å skriva «basert på ei sann historie», så overraskar det endå mindre kor fritt Verhoeven har tolka materialet, som fortel om ei nonne som vart meld for å ha hatt lesbiske forhold i klosteret. Det tristaste er såleis korleis Verhoeven insisterer på at det eigentleg er Jesus syster Benedetta vil tilfredstilla, gjennom den forførande, fingernemme Bartolomea.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.