Vem kan segla förutan vind? Skipa i Hollywood og karrieren til Johnny Depp, tydelegvis.
Johnny Depp spelar Jack Sparrow i den nyaste Pirates of the Caribbean-filmen, som har to norske regissørar.
Foto: Film Frame / Disney Enterprises
Action/eventyr
Regi: Joachim Rønning og Espen Sandberg
Pirates of the Caribbean – Salazar’s Revenge (orig. tittel: Pirates of the Caribbean – Dead Men Tell No Tales)
Med: Johnny Depp, Geoffrey Rush, Javier Bardem
Kaptein Jack Sparrow er stasjonert på den karibiske øya Saint Martin og må avbryta bankranarkarrieren for å ta eit oppgjer med fortida og gjenferdkapteinen Salazar. Unge Henry og den heksedømde astronomvenleiken Carina treng Sparrow for å finna treforken til Poseidon, inkje mindre, for å heva forbanningane som kviler over havet og far til Henry.
Johnnyen
For femte gong splittar kaptein Jack Sparrow sine bramsegl og lossar kaggar med rom og ho ho ho. Men er det noko å le av? Johnny Depps sterkt overdrivne karikatur av ein drukkenbolt av det gode, gamle slaget burde ha mønstra av for lenge sidan. Han har omtrent like mykje snert som Jeppe på Bjerget i ei middels bra skuleteateroppsetjing. Han har ikkje noko hjelp i manus heller, noko som berre understrekar formelpreget på filmen totalt – kanskje ein tanke meir påkosta enn Bud Spencer-filmane på 80-talet, men med like mykje tyngde, humor og originalitet.
Poopcorn
Det er ganske imponerande at gode skodespelarar som Geoffrey Rush og Javier Bardem har lyst til å spela i Pirates-filmane. Paul McCartney har takka ja til ei minirolle som onkelen til Jack – kanskje han òg vil vera litt slemming sidan Depp har basert Sparrow på Keith Richards? Hollywood kan éin ting: laga popkornunderhaldning til dei store massane. Budsjettet vert brukt på spesialeffektar og marknadsføring, ikkje manus og nyskaping. Men dei kunne vel i det minste ha spart litt på ikkje å hyra Johnny Depp?!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.