Film
Velsmakande filmlapskaus
Om Kosmorama har ein uklar programprofil som kan minne litt om lapskaus, er enkeltelementa så bra at det held.
Filmen til australske Rodd Rathjen syner grotesk utbyting av fattige på fiskebåtar i Søraust-Asia.
Foto frå filmen
Den 16. utgåva av den vekelange festivalen hadde mykje godt å by på, sjølv om festivalen ikkje er så stor i omfang: drygt seksti ulike filmar, medrekna ein handfull dokumentarar og nokre klassikarar. Men programmet lever absolutt opp til det krevjande festivalnamnet, som skal tyde noko i retning av å sjå verda frå ulike perspektiv. For utvalet av filmar lét oss møte menneske og lagnader frå fjern og nær.
Det er mykje vondt og skremmande i verda, og i vår privilegerte overflod treng vi å bli minte på det. Her gjer Kosmorama det ein god filmfestival skal gjere – gir oss det rett i fleisen. Det kan vere australske Rodd Rathjen, som i Buoyancy syner oss den groteske utbyttinga av fleire hundre tusen fattige gutar og menn på fiskebåtar i Søraust-Asia. Eller, nærmare oss, korleis nasjonalistiske og homofobe krefter får innpass hos ungdommen i Slovakia, gjerne støtta av kyrkja. Det regissør Marko Skop illustrerer i Let There Be Light, er autoritære tendensar som gjer seg gjeldande i stadig fleire europeiske land.
Men i Skråblikk-seksjonen kan vi slappe av med absurditetar og surrealisme. Og rein glede finn ein i Nasi Padang. På ferie i Indonesia forelska trønderen Audun Kvitland seg i matretten nasi padang. Heime igjen laga han ein kjærleikssong til denne retten, som gjekk viralt og gjorde han til superkjendis i Indonesia. Filmen er ei herleg skildring av dei eventyrlege opplevingane dette førte til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.