Vellukka oppskrifts-TV
Med sjarm skal landet byggjast – og hotell pussast opp.
Per Áki «Kjartan Lauritzen» Sigurdsson Kvikne, Randi Sognnes Aamot, Theodor «Teddy» Sigurdsson Kvikne og hunden Biggie Small framfor Balestrand Hotell.
Foto: Rainer Kleive / NRK
Dokumentarserie
Regi: Kjellrun Lavik
6899 til eg dør
Med: Per Áki Sigurdsson Kvikne, Randi Sognnæs Aamot, Theodor Sigurdsson Kvikne, familie og vener
NRK-serie, sju episodar
Per, alias artisten Kjartan Lauritzen, kjem frå hotelladel i Balestrand, der faren driv Kviknes Hotel i fjerde generasjon. Då tanta sel det mindre glamorøse Balestrand Hotell, bestemmer Per, kjærasten Randi og broren Teddy seg for å gjera heimbygda kul igjen ved å ta over, pussa opp og laga kulturell storstove for både tilreisande og fastbuande.
Tid for sjarm
Etter 22 sesongar på TV 2 var det i år slutt for serien Tid for hjem – til stor sorg for hundretusenvis av publikummarar, får eg inntrykk av. Flaks for alle desse at dei no kan følgja med på oppussinga i Balestrand – om enn ikkje i 200 episodar, men sju.
Sjølv om dei har særs gode hjelparar, spørst det om ikkje Kjersti Bergesen og teamet kunne hjelpt på motivasjonen, om ikkje anna. Sjølv om eg ikkje har vore av hennar faste sjåarar, verkar 6899 til eg dør for meg ganske tett opp til formelen – oppussingsobjekt før og etter og hinder undervegs. Og formelen funkar unekteleg.
Etter å ha sett dei tre påsynslenkene sende til meldarane i landet må eg beint ut seia eg gler meg til å sjå korleis det går – får dei opna i tide? Som om det er anna enn eit googlesøk unna, men det er ikkje nøye. For der Tid for hjem berre har éin episode og dei som bur der, strengt talt er underordna og ikkje inkluderte i prosessen, så er ein viktig ingrediens i seriar som 6899 til eg dør at du blir kjend med dei bak, heiar på dei og føler på frustrasjonen deira. Alt dette blir innfridd og vel så det.
Glad-TV
Sjølv om fråflytting er eit problem for Distriks-Noreg, er det samtidig i vinden å drøyma om eit enklare liv på landet, og småbruk er av dei mest populære søka på Finn.no. Det oppløftande med 6899 til eg dør er at dei faktisk ikkje skal gjera noko heilt urealistisk (utanom å driva hotell, kanskje). Per skal driva med musikk, Teddy har e-sportselskapet sitt, Randi er utdanna tannlege – ingenting av dette krev at du sit i ein by, strengt tatt.
Men det er heller ikkje berre å lena seg på venetenester, heller ikkje på bygda, til og med om du er latterleg sjarmerande Kjartan Lauritzen, som kjem fram i tredje episoden. Sjølv desse halvmørke skyene i horisonten tek ikkje vekk lyset som skin over Balestrand. Om hotellet blir den nye pengegruva i bygda, betyr ikkje all verda, ikkje eingong om dei kjem i mål med oppussinga. Det lyser lang veg at venskap og familie er viktigast, og slikt blir det godkjensle-TV av.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.