JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Vakker, morosam, mørk

Han er rett og slett litt magisk, denne filmen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På eit asylmottak i Nord-Noreg ventar Hamid, Aras og Ismail på å bli sende ut av landet den dagen dei fyller 18 år.

Foto: Snowfall Cinema

3313
20231020
3313
20231020

Drama, komedie

Regi: Hisham Zaman

A happy day

Med: Salah Qadi, Ravand Ali Taha, Mohamed Salah, Sarah Aman Mentzoni
Kinofilm

På eit nedsnødd ungdomsflyktningmottak mellom bratte, nordnorske fjell sit Hamid (Qadi) og planlegg nok eit rømmingsforsøk saman med venene Aras (Taha) og Ismail (Salah). Dei to venene fyller snart 18 år, og utsending ventar.

Hamid er berre 17 og klarar ikkje tanken på å vera igjen der utan dei. Og det blir ikkje betre av at knalltøffe Aida (Mentzoni) kjem sveipande inn som ein magnet og trekker Hamid vekk frå fornuftig sans og samling.

Mor og far

Alt frå fyrste scene – dei tre unge karane som ventar på å bli plukka opp av politiet –  etablerer regissør Hisham Zaman dei kjende grepa sine: komikk og flyktningproblematikk. Det vil seia, det er ikkje noka stakkarsleg sutring å spora, ikkje nokon politisk agenda, men samtidig er det ein genial måte å få sjåaren til å tenkja over akkurat unge flyktningar, og det at dei blir brutalt sende vidare og gjerne tilbake til landet dei kom frå, på.

Eller, kor blir dei papirlause, dei udokumenterte, sende? Ingenting av dette får me svar på, heller ikkje kor våre heltemodige hovudpersonar lyt returnera til. Uansett – dei har ikkje tenkt å gje seg utan kamp.

Individvandring

«De er som mor og far for meg», seier Hamid, og det oppsummerer kor tett og ekte venskapen deira er – og den nydelege humoren. Det gjer at eg sjølvsagt får lyst til å tuta mens eg humrar over den keitete dialogen på klingande nordnorsk, vel å merka av litt ulik dialektisk opphav.

At vårt vesle norske språk er det som er deira einaste språk å kommunisera på, gjer det heile så ekstra sårbart og gir endå meir grobotn for å bli rørt langt inni hjerne- og hjerterota.

På ein måte kunne det nesten vorte i overkant «emneknagg ’fleirkulturelt’» med alt frå joikande politikvinne til ungar av alle hudfargar. I staden blir det heile eit nydeleg integrert bilete utan snev av påklistra mangfaldsalibi. Det er både 100 prosent truverdig og samtidig fullstendig konstruert på beste kunstferdige vis.

Regissør Zaman har halde på lenge og har ei finfin merittliste å visa til, frå den prisvinnande langfilmen Brev til kongen (2014) til den prisvinnande kortfilmen Bawke (2005). Og han er verkeleg prisverdig unik i stilen. A happy day har alt vorte vist på den prestisjetunge Toronto International Filmfestival og kjem utvilsamt til å vekka åtgaum både innanlands og utanlands.

Tittelen siktar forresten ironisk til den dagen dei unge fyller 18 år, den dagen dei skal kastast ut av landet og inn i uvissa. Igjen, bruken av humor gjer at du sjølv kan tenka over kva situasjon mange slike ungdommar faktisk er i, det blir ikkje tredd nedover hovudet på sjåaren.

Effekten blir kanskje sterkare nettopp fordi du skjønar så godt at det er snakk om individ, det går ikkje å sjå på dei som ein stor hop av statistikk. Og ingen framstiller individet meir sjarmerande enn hovudrolleinnehavar Salah Qadi.

Kombinasjonen av nordnorsk landskap, unge amatørar, lett humor og ein sterk, stø regi gjer A happy day til ei særs happy kinooppleving – og det næraste ei magisk filmoppleving eg har hatt på ei stund.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis