Utilslørt under sløret
Kjærleik og kritikk til Saudi-Arabia står like sterkt i Al-Mansours siste film.
Maryam (Al-Zahreni) brukar nikab, men det gjer ikkje systrene hennar.
Foto: Selmer Media
Drama
Regi: Haifaa Al-Mansour
Maryam
Med: Mila Al-Zahreni, Dae Al-Hilali, Nora Al-Awadh, Khalid Abdulraheem
På kino 25. desember
Maryam (Al-Zahreni) er lege på den lokale helseklinikken. Ho ergrar seg over at ingen fiksar den elendige vegen, og nærast på slump blir det hennar inngang til kommunevalet. Det skal sjølvsagt visa seg å vera ein endå meir humpete veg enn den opp til klinikken.
Saudi-feministisk
Eg må innrømma at eg gler meg sjeldan til filmar der orda «feminisme» og «Saudi-Arabia» vert nemnde i same setning. Automatisk reknar eg med at eg kjem til å sitja att med kjensla av at verda går av hengslene, og at alle muslimske menn er kjipe. Dei formildande omstenda kring fordommane mine ligg i stor grad på at regissør Haifaa Al-Mansour har laga mange filmar før, og at ho ikkje akkurat legg seg på ei depressiv linje.
Nokre hugsar kanskje Wadjda (Den grønne sykkelen på norsk, 2012), ein riktig dårande film om vesle Wadjda i Riyadh som berre vil sykla der ho vil. Ho har også laga filmar utanlands, mest kjend er kan hende Mary Shelley (2017), ei filmatisering av livet til den kjende forfattaren. Ein treng ikkje lura på om Al-Mansour har eit bankande hjarte for sterke kvinnefigurar og gode historier. Kan ho med dette i bakhovudet ha laga nok ein opplyftande film frå heimlandet?
Båe sider no
Maryam går med nikab, systrene gjer ikkje det, utan at dette vert gjort noko nummer av. Kleskutymen på jobb er også ulik, så tildekking er meir valfritt enn eg var klar over. Ein del mannlege pasientar er lynande imot å bruka ho som kvinneleg lege, medan andre menn tydeleg både respekterer og beundrar henne av same grunn. Faren til systrene verkar streng og lite varm, men som musikar og i sin lengt etter den døde mor deira, viser det seg andre sider når han er på turné.
Maryam er ein film der regissør Al-Mansour viser opplagd kjærleik til heimlandet sitt, i same stund som ho like opplagt peikar på kor hakka gamaldags Saudi-Arabia framleis er.
For meg kjennest det bra både å få justert litt fordommar om saudiarabisk kultur og samstundes få stadfesta at kvinnekampen der knapt er i gang. Verkemidla er enkle og effektive og vekkjer harme og håp om einannan – dei provoserande utspela frå dei konservative vert vegne opp av overraskande lojal oppbacking frå ulike kantar. Og ja, resultatet er opplyftande i massevis!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.