JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Urealistisk og spekulativ spenning

Eg likar The Killer sjølv om eg ikkje har lyst til det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michael Fassbender spelar den namnlause leigemordaren.

Michael Fassbender spelar den namnlause leigemordaren.

Foto: Netflix

Michael Fassbender spelar den namnlause leigemordaren.

Michael Fassbender spelar den namnlause leigemordaren.

Foto: Netflix

3718
20231110
3718
20231110

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Thriller

Regi: David Fincher

The Killer

Med: Michael Fassbender, Charles Parnell, Tilda
Swinton
Netflix / Cinemateket

Livet som leigemordar er ei tolmodsprøve, det kan mordaren (Fassbender) skriva under på. Han gjer aldri feil fordi han følgjer faste reglar. Utanom når han faktisk brått gjer feil, og då er det ikkje så greitt å vera han lenger. For det er også faste reglar lenger oppe i systemet for når ting går gale.

Banalt

Berre premissen for The Killer er eigentleg hårreisande – både fordi det er eksepsjonelt banalt, og fordi me i dønn alvor sit og heiar på ein nedrig psykopat som drep fordi han vil ha luksus og velstand. Berre å ha Michael Fassbender i hovudrolla syter for at sjåaren ikkje klarar mislika han: vakker, sårbar, veltrent – og med blåe auge som iskaldt siktar seg inn på offeret.

Me slepp å ta stilling til kven offera er, sjølvsagt. Det ville fungert svært dårleg for mordaren me held slik av, om me måtte ta inn over oss at handlingane hans fører til uendeleg liding for alle som vert ramma når offeret hans døyr.

Ikkje får me bakteppet for kva som har gjort mordaren til leigemordar, det er nærast som om han har valt det som ein karriereveg lik kva som helst anna yrke. Og så hoppa han av jusstudiet på Harvard for dette, så kom ikkje her og sei at han ikkje er smart!

Det er fyrst når dama hans blir overfallen – av overfallsmenn som ikkje kjenner henne eller veit om ho er skuldig – han skjønar kor fælt det er at nokon er ute etter ein. Verkeleg? Eg kan nesten ikkje tru kor banalt dette plottet er. Likevel: Det er ein ettertrykkeleg spennande, sjåverdig film – og det irriterer meg.

Moralsk

Filmen er basert på den grafiske romanen, eller teikneserien, med same namn. Hovudpersonen skal vera ein anonym mann som kjederøyker og går rundt på grensa til samanbrot. Fassbender ser ut som han luktar tannkrem og såpe, og all verdas beige klede og tyske turisthattar klarar ikkje ta vekk det faktum at du hadde snudd deg etter han på gata.

Så om David Fincher hadde teke rollebesetninga på alvor, ville han funne ein langt mindre stilig og karismatisk mann til å spela mordaren. Spørsmålet er om sjåaren då hadde heia like mykje på han. Viss tanken var at sjåaren sjølv kan avgjera om dette er moralsk riktig eller ikkje, så føyer det seg likevel inn i ein konvensjonell tradisjon som ein heldigvis går meir og meir bort frå i dokumentarsjangeren, nemleg at fascinasjonen me har for mordaren, vert erstatta med fokuset på kva liv offera hadde, at dei var anna enn berre offer for ein tarveleg mordar.

Spelefilmsk

Men så er dette ein spelefilm, ikkje ein dokumentar. At det går over stokk og stein og eigentleg ikkje finst realistisk, er liksom mindre viktig. Regissør Fincher slepp unna med det, sjølv om ingen vel trur at ein mann med tusen identitetar aldri blir avhøyrd slik at han avslører seg, eller at når han kopierer nøkkelkort på beste MacGyver-vis, så funkar det magisk nok på alle dørene i eit topp moderne bygg.

Til liks med Leon (1994) som også gav leigemordaren ein slags legitimitet og sårbarheit, er The Killer drivande spennande – katt-og-mus-grepet vert ekstra understreka av heftig, ryddig klipping som gjev tempo og framdrift på ein suveren måte. Eit røft lydspor av Trent Reznor og Atticus Ross blir forsterka om enn litt kunstig hipt av The Smiths-låtar på rekke og rad. Stødig filming av Erik Messerschmidt berre understrekar elegansen Fincher så ofte får fram i filmane sine.

Så mykje for at eg eigentleg har lyst å dømma The Killer nord og ned på moralsk grunnlag...

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis