Film

Uovertydande beibi

Ubehaget i Baby Jane kallar meir på irritasjon enn på medkjensle.

Piki (Maria Ylipaa) og Jonna (Roosa Söderholm) møtest då Jonna flyttar til hovudstaden.
Piki (Maria Ylipaa) og Jonna (Roosa Söderholm) møtest då Jonna flyttar til hovudstaden.
Publisert

Unge Jonna (Söderholm) flyttar til hovudstaden for å starta livet som vaksen. Den fyrste ho møter på lesbebaren ho oppsøkjer, er tøffe Piki (Ylipää) og venene hennar, inkludert eksen Bossa (Kärkkäinen). Ei blanding av bondage, kjærleik og sjalusi knyter dei saman, men ikkje på den sunnaste måten.

Flatt

Den finsk-estiske forfattaren Sofi Oksanen har gjeve ut ei rekkje sterke, klart feministiske bøker sidan ho debuterte med Stalins kyr i 2003. Ho er heller ikkje redd for å ta opp psykiske problem, og det er det som er hovudtema i Baby Jane. Problemet med overføring frå bok til film er ofte at det som framstår som ektefølt og intenst på papiret, verkar tilgjort og overflatisk på lerretet. Det ekte tragiske over panikkangsten til Piki, slik eg kan tenkja meg at han er skriven ut i boka (sjølv har eg berre lese Utrensking), kjennest klisjéaktig og melodramatisk i filmen. Det er synd. Eg vert lite engasjert i hovudpersonane, dei kjennest som sjablongar av djupe og kompliserte utgangspunkt. Og sjablongar er det vanskeleg å leva seg inn i. Det symbolske nærbiletet av høge hælar som sklir ut i snøen, kjennest like forslite som skoa Jonna har på seg.

Ubehaget

Oksanen skriv ikkje solskinshistorier. Sjølv om ein slags kjærleik ved fyrste blikk-situasjon oppstår mellom Piki og Jonna, får ein aldri kjensla av harmoni. Pikis androgyne framtoning og aggressive seksuelle energi får henne til å verka meir som ein konebankar enn ei trygg hamn, som er det Jonna tydeleg er på leit etter. Maktspelet som oppstår mellom henne og eksen Bossa, understrekar ubehaget. Det er også det eg synest er mest spennande i Baby Jane: Kan Jonna også forsona seg med å vera meir sosialarbeidar enn kjærast? Svaret kjem ved hjelp av eit usedvanleg uelegant hopp i tid. Om eg ikkje var begeistra for filmen før det, kan eg forsikra om at det ikkje tek seg opp på slutten. Kva er det som gjer at filmskaparar så ofte trur at gode bøker alltid lèt seg gjera om til gode filmar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement