Film

Uoriginal på sitt aller beste

Tenk at eg kunne bli så begeistra for ein så lite oppfinnsam film!

Astrid Smeplass og Cengiz Al spelar hovudrollene i ein ny versjon av den tjekkiske filmen som har blitt ein juletradisjon for mange.
Astrid Smeplass og Cengiz Al spelar hovudrollene i ein ny versjon av den tjekkiske filmen som har blitt ein juletradisjon for mange.
Publisert

Julaftan føremiddag, varmt i stova, framleis i pysjen, stemmene til Knut Risan over den tsjekkiske originallyden og julestemning frå topp til tå: Er du klar for å få ein av våre kjæraste juletradisjonar presentert i ny innpakning?

Språkfin

Eg har ikkje oppretthalde tradisjonen sjølv, så det er utan spesielt aggressiv nostalgi at eg likevel forventningsfull entrar kinosalen. Eller, eg forventar vel strengt talt ikkje så mykje, sidan ei resirkulering av ein så trygg formel i verste fall kan vera skuffande.

Filmen startar med Askepott (Smeplass) som kostar snøen av to gravstøtter midt i øydemarka og ser opp mot himmelen og seier «Ser dokk me?». Astrid S. har overtydd meg på eit blunk! Så sveipar kamera over storslegne Jotunheimen-landskap før me dumpar ned i folkemuseumskulissar, og gode, gamle Tre nøtter til Askepott (1973) nærast er kopiert frå rom til rom.

Men det gjer ingenting! Askepott er sjarmerande ven, stemor (Petersen) er eventyrleg vond, og alle andre fell saumlaust og fint inn, akkurat som dei alltid har gjort – frå stallguten til ugla til prinsen og følgjet hans, inkludert læraren («Deres kongelige høyhet! Hva med leksene?»).

Språket er generelt ikkje vidare modernisert, med unntak av høgst velkomen dialektbruk. Her er ikkje lagt inn dagens slang, sikkert med klok tanke om at lite daterer ein film som språk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement