JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ungdomsfilm for vaksne

Natt i Paris er litt for ujamn, både for dei som romantiserer Paris,
og dei som vil ha ein moden film om sorg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lou Lampros og Tom Mercier i filmen om ei natt i Paris.

Foto: Arthaus

2925
20220603
2925
20220603

Drama

Regi: Antoinette Boulat

Natt i Paris

Med: Lou Lampros, Carmen Kassovitz, Tom Mercier
Kinofilm

18-årige Marion (Lampros) stikk av frå feiringa av fødselsdagen til den avdøde storesystera si og ramlar ut i den kaotiske Paris-natta for å få utløp for frustrasjonane. På vegen heng ho med vener og nye kjenningar, inkludert den tilsvarande rotlause Alex (Mercier).

Tung-lett

Natt i Paris – det er ikkje akkurat ein tittel det svingar av, men er nok valt med vitande og vilje, då den franske tittelen, Ma nuit (Mi natt), neppe ville vekt merksemd hos det publikummet som kan henda vil ha mest utbyte av denne filmen, nemleg dei frankofile.

For sjølv om dette er ein film om og med ungdommar, så kjennest det ikkje som ein ungdomsfilm. Ein skal helst ha levd litt for å skjøna seg på ungdomstida. Youth is wasted on the young, heiter det på engelsk, og eg vil seia det er relativt overførbart til Natt i Paris.

Så sant du ikkje er cineast, og det finst jo heldigvis framleis filmklubbungdomar der ute, så vil eg gå så langt som å seia at dette ikkje er ein film for alle. For dei som tenkjer at det er ein slags ny versjon av Before sunset (1994), oppfølgjaren til interrailromansesuksessen Before sunrise, blir det svært forenkla og ikkje eigentleg samanliknbart anna enn på særs overflatisk plan. Eg vil ikkje seia at Natt i Paris er tung eller depressiv, men det er ikkje ein lett og ledig romanse på nokon måte heller.

Debuten

Ja vel, så himlar eg med auga over formuleringar som «livet er ein knust draum», og ein del logiske brestar (ein hoppar ikkje uti Themsen utan å tømma lommene for mobil og kamera, kom an igjen), men når det kjem til stykket, er det ikkje så ille heller. Sorga og frustrasjonane Marion opplever gjennom ei syster som var jamgamal med henne då ho døydde, er truverdig nok uttrykt, der ho svirrar rundt i nattebyen med ei gje-blaffen-innstilling ho eigentleg skjønar at ikkje er bra.

Den sedvanlege degginga for romantiske solnedgangar og sykkel på brustein blir balansert med narkofestar og fyllekøyring på skuter, noko som er vel så representativt, skal ein tru debutregissør Antoinette Boulat. Interessant nok har ho ein lang karriere bak seg som castingsjef, altså å plukka ut kven som skal spela i filmane til kjende namn som Wes Anderson, Olivier Assayas og Sofia Coppola.

Ikkje overraskande har Boulat ei strålande rolleliste også i sin eigen debut – Lou Lampros vil utvilsamt dukka opp i ein haug filmar framover. At ho og alle venene er modellvakre, tynne og trendy, er kanskje ikkje heilt realistisk, men så har eg lite tru på at det var sosialrealisme Boulot sikta seg inn på med denne vakre, men ujamne filmen.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje overraskande har Boulat ei strålande rolleliste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis