Film

Tyggegummiskrekk

Chiffon, glitter og ein haug med gjenferd som vil ha tilgjeving for syndene sine, skapar ein fengande film med tvilsam moral.

Thomasin McKenzie spelar hovudrolla som Eloise.
Thomasin McKenzie spelar hovudrolla som Eloise.
Publisert

Då Eloise (McKenzie) kjem inn på London College of Fashion, startar to liv for henne: det som ung jente i storbyen og eit parallelliv lagt til London på sekstitalet og alter egoet hennar, Sandie (Taylor-Joy). Men i skuggane lurer dei daude og handlangarane deira.

Edgar Wrong

Last night in Soho er heldigvis ikkje ein musikal, men han oppfører seg litt som ein. Regissør Edgar Wright boltrar seg i glitter og paljettar med sekstitalets songarar som Cilla Black og Dusty Springfield. Ania Taylor-Joy tolkar sjølv Petula Clark-klassikaren «Downtown», medan den rosa chiffonkjolen svingar seg om knea hennar.

Me snakkar med andre ord om milevis frå dei tøysete, lurvete zombiefilmane Wright vart kjend for, med Shaun of the Dead (2004), Hot Fuzz (2007) og World´s End (2013). (Den elendige Baby Driver frå 2017 får han skriva av på tabbekvoten.)

Og medan hovudpersonane hans vanlegvis er drikkfeldige, umodne menn som heller heng på puben eller framfor dataspelet, har han i Last Night in Soho snudd det aldeles om, med yndige damer som drøymer om kjærleik og glamorøse karrierar. Det mest tvilsame: Zombiane her er sjølvpåførte.

Oppmedrivande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement