Film
Tru, håp og rekonstruksjon
Ei terapeutisk tilnærming som gjev eit innblikk i tragedien utan å stikka svært djupt.
Ungdommane rekonstruerer hendingane frå Utøya 22. juli 2011.
Foto: Tour de Fource
I ein svær hall midt i øydemarka skal fleire av dei som var ungdommar på AUF-leir på Utøya 22. juli 2011, treffast igjen for å prøva å gjenfortelja og spela ut korleis dei opplevde hendinga. Med enkle hjelpemiddel, rollespel og samtale er me tilskodarar til eit slags teater der skodespelarane er terroroffera sjølve.
I starten skjønar eg ikkje heilt kor filmen vil hen. Kjensla av å vera til stades ved eit prosjekt for vidaregåande skule, heng i ganske lenge for min del. Ein film med dei gjenlevande legg straks opp til at kjensleregisteret får spelt seg ut, altså er filmen ladd allereie frå starten. Heldigvis har filmskaparane lagt opp til ei sober tilnærming utan sterke verkemiddel og utan for mykje tårefylte nærbilete. Som sjåar skal det godt gjerast å halda kritisk avstand til stoffet når det framleis ligg så langt framme i minnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.