Film
Tristesse utan finesse
Av og til kjenner eg bismak over å bli rørt.
James Norton spelar åleinefaren John som berre har månader att å leve. Den tre år gamle sonen Michael vert spelt av Daniel Lamont.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Åleinefar og vindaugsvaskar John (Norton) veit at han har berre månader att og leva, og ved hjelp av sosialarbeidar Shona (O’Higgins) leitar han etter dei perfekte adoptivforeldra til den treårige son sin, Michael (Lamont). Eg erklærer hermed tårekanalane for opna.
Misere
Heile premissen for Alltid nære deg er totalt knusande. I halvannan time skal den røffe, men snille John sjå med triste auge på den latterleg skjønne sonen sin. Ikkje eitt augeblikk skal du ha pause frå tanken «HAN SKAL DØY, HAN SKAL DØY!». For kvar nye familie som vert introdusert, skal du kjenna på kor absurd og uendeleg urettferdig det er at Michael ikkje skal få ha den omsorgsfulle, vakre far sin til å halda seg i handa på veg til barnehagen.
John skal aldri stå på sidelinja og klappa sonen på skuldra når han har gjort det bra på fotballbana. Og kor er mor til barnet? Ho stakk tilbake til Russland då Michael var berre seks månader, og John sjølv vaks opp på barneheimar og i fosterfamiliar, så han har heller ikkje besteforeldre. Og så brenn huset hans ned. Nei då, det gjer ikkje det, men det ville ikkje overraska om det så gjorde.
Einsretta
Kva skal ein seia om ein film som er så opplagd meint å spela på eitt einaste kjensleregister, nemleg det triste? At han klarar å vekka desse kjenslene, er faktisk ikkje noka bragd, det klarar enkelte reklamefilmar også.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.