Film
Tøft å vera tøff
For vi er gutta er eit rørande møte med sorg og song.
Mannskoret øver med dirigent Ivar Krogh Hovd.
Foto: Norsk Filmdistribusjon / Fuglene AS
Mannskoret Mannskoret består av ei usalig blanding tilårskomne rockarar, skodespelarar og kulturfolk som øver kvar tysdag på Kampen Bistro i Oslo.
Den samansveiste gjengen får meir enn harmoniar å tenka på når dirigenten får kreft og beskjed om at han neppe får oppleva den planlagde konserten som oppvarming for Black Sabbath.
For vi er koret
Tittel, førehandsomtale og trailer prøver desperat å fortelja kor sinnssjukt tøff denne filmen er. Det er som om ordet «kor» er stava med testosteron. Etter den vanvitige kinosuksessen Heftig og begeistret (2001), om Berlevåg mannskor, kunne dei kanskje tona ned machobodskapen, men framleis er dei nok redde for at det berre er kvinnfolk som kjem og ser filmen, og det ville jo ha vore synd. For eg må seia at mange menn hadde hatt godt av å sjå For vi er gutta. Etter innleiande mannemanning kjem filmen relativt kjapt til hovudbodskapen – det hjarteskjerande faktumet at dirigent gjennom ti år, Ivar Krogh Hovd, skal døy.
Mannefalsett
I øvingsrommet forsvinn individet, og gruppementaliteten set inn. Akkurat dette passar kormedlemmene godt, les ein mellom linjene – det at ein er del av noko større og samstundes kan støtta seg på dei andre, gjerne utan å måtta forklara så inngåande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.