Film

Til fengsel skil dykk åt

Hannah har meir å by på av ettertanke enn engasjement undervegs.

Sjølv om det er sjølvaste Charlotte Rampling som spelar Hannah, er det grenser for kor lenge det er spanande å følgja med på at ho plukkar daude blad av ein vissen bukett.
Sjølv om det er sjølvaste Charlotte Rampling som spelar Hannah, er det grenser for kor lenge det er spanande å følgja med på at ho plukkar daude blad av ein vissen bukett.
Publisert

Den aldrande Hannah lyt handtera ein ny kvardag då mannen hamnar i fengsel. Det blir ikkje sagt i klartekst kva han har gjort, men det har stor påverknad på både tilhøvet til resten av familien og på livet hennar som einsleg.

Fall by your man

Ideen bak Hannah er god – mange opplever at partnaren gjennom eit langt liv døyr og at ein vert sitjande att. Støtteapparatet som då set inn, vil i mange tilfelle gjera det lettare å koma seg vidare. I Hannah sitt tilfelle hadde det kanskje vore enklare om mannen var avliden, men ved at ho har valt å støtta han trass i lovbrotet han vert dømd for, står ho endå meir åleine etterpå. Kva når verken familie eller samfunn vil ha noko med deg å gjera? Kor mykje lyt me stå til ansvar for fæle handlingar som andre gjer? Og kven er kona som vil ofra så mykje for mannen sin? Det var ikkje dumt å få med seg Charlotte Rampling til å portrettera denne kvinna. For trass i den gode ideen har regissør Pallaoro gjort minimalt ut av problemstillinga, reint handlingsmessig. Då hjelper det at det er Rampling som trakkar rundt og ser miserabel ut, i det minste.

Rampling on

Finst det nokon med meir eleganse, styrke og spekter i kvar ansiktslinje enn henne? Éi innvending er at det no er for det meste slik ein har sett henne dei siste tiåra. Eg har vanskar for å sjå for meg at denne filmen ville kome seg på kino utan drahjelp av Charlotte Rampling i den einaste rolla, meir eller mindre. For kva er det med filmar om gamle folk? Eg har berre vanskar for å tru at så snart du kjem i ein viss alder, så må alle møblane bli mørkebrune og du slår konsekvent av alt lys i leilegheita di. Og eg skjønar at du ikkje har så mykje å ta deg til, gamle Hannah, men treng eg sjå på at du plukkar daude blad av ein vissen bukett i fem minuttar? Og så den klassiske vri-seg-i-søvne-sekvensen – resultatet er vri-seg-i-kinosetet. Eg kan heller ikkje anna enn å undra meg over ei scene der ho nærast fell saman i krampegråt så intens at ein skulle tru det var opptaksprøve til teaterhøgskulen, og så fell ho ikkje ei einaste tåre. Til slutt lurar eg mest på om ho slepp unna med alt dette nettopp fordi ho er Charlotte Rampling, og då trengst det vel ikkje noko meir?

Alder i livet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement