Film

Testosteronani

Deadpool 2 er ein poenglaus film ispedd morosame poeng.

Det er noko nesten rørande over å sjå actionfilmar som både prøver tekkast kjernepublikummet og fri til dei meir politisk opptekne, skriv Brit Aksnes.
Det er noko nesten rørande over å sjå actionfilmar som både prøver tekkast kjernepublikummet og fri til dei meir politisk opptekne, skriv Brit Aksnes.
Publisert

Superhelt Deadpool (Reynolds) svinsar rundt i Marvel-universet for å drepa slemmingar. Når dama døyr, vil han helst drepa seg sjølv òg. Det går ikkje så bra, både fordi han ikkje kan døy og sidan han må fiksa trøbbel frå framtida som hemnlystne Cable (Brolin).

Ryan Air

Kor mange pengar kan du bruka på å laga ein teit, tullete og ekstremt tynn film som Deadpool 2? Ut frå spesialeffektar og tal på bilkrasj er nok mange pengar eit ganske nøyaktig estimat. Men blir det god film av det? Nei, ikkje noko særleg. Samtidig er det noko nesten rørande over å sjå slike actionkomediar som både prøver tekkast kjernepublikummet og fri til dei meir politisk opptekne, til krampen tek dei. Men køyr på: Når dei klarar så til dei grader å lessa ned filmen i kvite muskelmenn, er det minste dei kan gjera, å prøva å nyansera humoren og ta inn nokre velretta spark mot antifeminisme, rasisme og kulturell appropriasjon. Takka vera Ryan Reynolds sjarmerande vesen og til dels artige, kjappe replikkar, ler eg innimellom.

Ta på meg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement