Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Syrete moro

Musikk, tøys og fabelaktig animasjon i salig og vellukka blanding.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knutsen og Ludvigsen leitar etter bestefaren til Knutsen.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

2430
20200925
2430
20200925

Familiefilm

Regi: Rune Spaans, Gunhild Enger

Knutsen & Ludvigsen 2 – Det store dyret

Stemmer: John Brungot, Hermann Sabado, Heidi Goldmann, Anne Grete Preus, Per Inge Torkelsen
Kinofilm

Knutsen og Ludvigsen vert truga med utkasting frå tunnelen av den strikse Konduktøren. Dei bestemmer seg for å leita etter Knutsens beintøffe sjørøvarkapteinbestefar, men Konduktøren har ei fly forbanna syster som er oppsett på å få fatt i det som skjuler seg i tunnelen.

Animaniacs

Det er gått fem år sidan Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin drog ungar, både dagens og dei som eingong sleit ut Juba juba på platespelaren på åttitalet, til kinoen. Den opplagte oppfølgjaren måtte koma, og bra er det. Så høgt nivå på kommersielle norske produksjonar er ei glede å sjå og høyra.

Eg har ikkje noko særleg nært og nostalgisk forhold til musikken, men til og med utan at foreldra mine hadde sørgt for at platene var i samlinga heime, hoppar låtane fram frå gløymselen, av og til som små meisterstykke. Eg reflekterte heller aldri over kor mykje absurd det var i opplegget til Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen, både tekstar, utsjånad og framtoning. Såleis representerer begge filmane, som er baserte på bøkene til Øystein Dolmen, denne galskapen på nydeleg og tøysete vis.

Himmelsk

Det er endeleg ting ein kan reagera på og tenkja at er på grensa til innanfor. Lakrisbåtane som gjev positive LSD-syner, er det god ruspolitikk? At dei leitar i himmelen for å finna bestefaren, er ikkje det å gå ut frå at det er kristendommen som gjeld? Det får våga seg, og her er nok av politisk korrekte tvistar til å gjera opp for dette.

Himmelscenane er fantastisk morosame, og den eksistensielle malstraumen dei hamnar i, viser animasjonshumor på sitt aller beste og kløktigaste. Det som går over hovudet på dei minste, går mest sannsynleg ikkje utover opplevinga deira, slik eg sjølv hugsar teiknefilmar som utstyrteleg artige sjølv om eg ved attersyn skjønar at eg ikkje kan ha forstått bæret. Og så kan han nok tidvis vera skummel for dei sartaste småingane, men til og med Det store dyret er berre superkozemozeleg, så eg ville ikkje nølt med å ta med heile familien på Knutsen og Ludvigsens nylegaste syretripp.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Himmelscenane er fantastiske og viser animasjonshumor på sitt aller beste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis