Sulis 1907 er stivt, reint og pent
Men kjedeleg er det ikkje.
Otto Fahlgren spelar Konrad Nilsson, som er fersk gruvearbeidar.
Foto: SF Studios
Actiondrama
Regi: Nils Gaup
Sulis 1907
Med: Otto Fahlgren, Simon J. Berger, Rune Temte, Alexandra Gjerpen
Kinofilm
Unge Konrad (Fahlgren) startar livet røft og blir seld som svensk slavearbeidar som tiåring. Etter seks år på Sjønstå gard rømmer han til nærliggande Sulitjelma og får seg jobb i malmomnane. Den nye direktøren Wenström (Berger) ser fort sitt snitt til å bruka medborgaren sin som informant.
Men då Konrad blir oppgradert til ekte gruvearbeidar, møter han også eit samhald han ikkje har kjent før, så etter kvart blir det vanskeleg å ta imot dei ekstra pengane når lojaliteten til fellesskapet er så sterk. Når han så høyrer agitatoren Helena Ugland (Gjerpen), er det klart at her må det endring til.
Veldig heil ved
Regissør Nils Gaup har visstnok halde på med Sulis 1907 i fjorten år, så det må vera tilfredsstillande å endeleg starta sigersgangen. Med LO i ryggen vart det endeleg fortgang i produksjonen, noko som jo er... interessant. Eg vil tru LO ikkje kastar pengane sine etter alle som sender inn manus, men at ein film om starten på arbeidarrørsla triggar gjevarviljen til landets største fagforeining, burde ikkje overraska nokon.
Historia er uansett som ho er, og Nils Gaup gjer som han vil, vil eg tru. Det er iallfall ein veldig gaupsk film han har laga, med mange koreograferte slåstkampar, storslegen musikk og beinharde mannfolk som oppfører seg mannete. Dei få kvinnfolka som er med (og som faktisk budde i dette harde miljøet), spelar rolla som ditto sterke og prinsippfaste, og vik ikkje ein millimeter. Det er altså ikkje noko særleg realistisk sånn reint karaktermessig, og måten replikkane blir framførte på, minner langt meir om teater enn film, som jo er synd, men diverre ikkje overraskande.
Agitering
Sulis 1907 har to sympatiske hovudpersonar i Otto Fahlgren som vaklande, men godhjarta Konrad, og Rune Temte som tidenes mest tillitvekkande tillitsvalde. Dei får kanskje ikkje fram dei store menneskelege nyansane, men som karakterar i eit drama av denne sorten er dei raskt etablerte, og sympatien for dei står godt til den enkle antipatien direktør Wenström vekkjer. Ikkje så dumt å velja ein som har spelt i den norske serien Exit, for å leggja negative føringar frå starten av!
Det er spennande å sjå ei føregangskvinne som Helene Ugland i aksjon, men så er det så ellevilt iscenesett at eg må nesten flira. Gruvearbeidarane har alt bestemt seg for å streika, dei må berre bli litt agiterte fyrst? Eg tvilar sjølvsagt ikkje på at slike eminente talarar måtte ha ein medrivande effekt, men dette her verkar lite truverdig og nærast berre plassert for å ha ho plassert ein eller annan plass.
Basert på
Det er ikkje dumt å ta utgangspunkt i sanne historier. Det gjev klirrande mynt i kassa til heile filmbransjen, og særleg med drama der samfunnsomveltingar har kome fordi gutane (og jentene) på golvet har reist seg mot den vonde overmakta, så er det lett å bli gripen på ekte, sjølv om eg ikkje trur på alt eg ser.
Ja visst har dei skitne fjes, men dei ser likevel liksom reine ut, husa ser reine ut, Svarta Bjørn ser rein ut, maten ser rein ut. Som ei innføring i kva som skjedde i Sulitjelma (det var i røynda sju streikar som bygde opp til møtet på Langvassisen og etableringa av Norsk Arbeidsmandsforbund), så vil filmen absolutt opplysa mange som ikkje kjenner historia (inkludert meg sjølv). Det gjev meg spesielt lyst til å finna ut meir om Helene Ugland.
Men sjølv med ei drivande bakhistorie er Sulis 1907 alt i alt ei for glatt samansmelting til å vekkja ekte engasjement.
Brit Aksnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.