Streit nok, den
The Whale får fram kjenslespekteret på ein nostalgisk enkel måte.
Brendan Fraser spelar hovudrolla i filmen om den overvektige engelsklæraren Charlie.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Drama
Regi: Darren Aronofsky
The Whale
Med: Brendan Fraser, Sadie Sink, Hong Chau, Ty Simpkins
Klokka tikkar for enormt tjukke Charlie (Fraser). Mens han fjernunderviser i skriving med kamera avslått, og får kjeft og omsorg av sjukepleiarveninna Liz (Chau), blir det tydeleg at han kanskje ikkje kjem til å overleva dette. Så bankar det på døra, både éin og to gongar.
Brendan Fraser
Hadde eg irritert meg ein brøkdel så mykje over tjukkedrakter som eg pleier, ville The Whale vore rein tortur. Implisitt: Det gjorde eg ikkje, så det vart det ikkje. Eg slit også underleg lite med at ein ikkje-sjukeleg feit mann spelar hovudrolla, men viss du tenkjer at det kjem til å forstyrra sjåaropplevinga di, så er eg den fyrste til å skjøna det.
For alt eg veit, har regissør Aronofsky leita høgt og lågt etter skodespelarar som lir av fedme, og landa altså på rett nok tettbygde Brendan Fraser. At han eingong spela augesnop i California Man (1992) iført berre ei fillete truse, og George of the Jungle (1997), iført berre ei fillete truse, og meir påkledd helt i Mumien-filmserien (1999), gjer at dette blir ekstra «sjokkerande» for dei av oss som hugsar han som slank og veltrent. Faktum er at han passar godt til å spela den sympatiske, stakkarslege Charlie.
Rett fot
Eg elskar ikkje The Whale, men det er noko nesten nostalgisk amerikansk over filmen, noko som resonnerer tilbake til sånn eg følte det då eg såg film som ungdom. Som at eg trur eg hadde elska filmen hadde eg vore sytten år. Eg klarar ikkje landa heilt på om dette talar for eller imot filmen.
Det som talar for, er uansett at det skjer mykje til å vera eit kammerdrama der all handlinga skjer i det vesle husværet til Charlie, og alt heng saman og blir nøsta opp på elegant vis.
Det minst elegante er dottera, både i framtoning og i funksjon. Her blir The Whale for nostalgisk og for amerikansk, for unyansert, for sentimental. Som kan seiast talar til fordel igjen – vegen mellom naiv og unyansert er ikkje alltid lang, og det blir nærast ei dagsformsak kva side sjåaren landar på.
Eg må ha stått opp med rett fot, for heilskapsinntrykket mitt er positivt, eg berre klarar ikkje dra på med superlativane, for The Whale er ikkje på langt nær så original som eg hadde tenkt og håpt. Om du er i humør til ein hjartevarm, ikkje altfor avansert, veldig amerikansk liksomuavhengig underhaldningsfilm og ikkje blir blir provosert av tjukkedrakter, så køyr på.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.