Strålande kontrastfylt
Det er eit stykke mellom så til dei grader heilstøypte og tankevekkjande filmar som Mødre.
Naomi Kawase er regissøren bak filmen om adopsjon og mødrer.
Foto: Another World Entertainment
Naomi Kawase er regissøren bak filmen om adopsjon og mødrer.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Naomi Kawase
Mødre
(orig. tittel: Asa gu kuru)
Med: Hiromi Nagasaku, Arata Iura, Aju Makita
Kinofilm
Det vellukka og lukkelege Kurihara-paret Satoko (Nagasaku) og Kiyokazu (Iura) har nesten slått frå seg at dei skal kunne få ein familie saman, då dei kjem over det sympatiske adopsjonsbyrået Baby Baton og bestemmer seg for å bli foreldre til barnet som 14-årige Hikari (Makita) skal føda og gje frå seg.
Kjapt oppsummert høyrest Mødre ut som eit traurig drama med klisjéaktige scener der det biologiske morsbandet trumfar alt, og blod er tjukkare enn vatn, ein er aldri for ung til å føla seg som mor, og bla bla bla.
Men denne filmen rommar så utruleg mange nyansar og kva som kan påverka livet og lagnaden til eit menneske, både som nyfødt, ung og vaksen.
Trass i at filmen varer 2 1/2 time, sleit eg med å ta ein desperat dopause av frykt for å gå glipp av noko. Det kjem ny informasjon på rekke og rad som driv handlinga fram og stadig tilfører nye innfallsvinklar.
Typisk japansk
Det er ikkje rettferdig å smekka merkelappen «typisk japansk drama» på kvar einaste film med opphav i Japan, men med enormt positivt forteikn er jo Mødre akkurat dette.
Når eg tenkjer på korleis Tokyo Story av fabelaktige Yasujiro Ozu klarte å framstå moderne i 1953, er det kanskje lov å generalisera på grunnlag av at ein her har tradisjon for å ta opp vanskelege familierelasjonstema.
Til endå meir urettferdig samanlikning var den romantiske komedien Brudebuketten med Kari Diesen som «fortørnet badegjest» og Wenche Foss som «bardame» den største norske filmsuksessen i 1953…
Nedstemt
Eit uventa aspekt med filmen er også at det går kaldt nedover ryggen min når eg ser korleis naturen blir teken over av betong og stål, i høgblokkbyar som Yokohama i dette tilfellet. Dei nesten uverkeleg grøne, vakre landskapa me reiser gjennom på veg til Baby Baton, framstår som ein paradisisk plett ved havet.
Når den vesle, men særs smakfulle leilegheita til Kurihara-paret er innreidd med heiltre og alle tenkjelege grøne planter, vert kontrasten til utsikta mot byggjeplassane ekstra tydeleg. Me byggjer oss opp mot himmelen, men det er ingenting himmelsk over det klaustrofobiske Yokohama.
Oppstemt
Den verkelege oppsida er kor lite eg får innfridd fordommane mine om alle klisjeane rundt ein film med tittelen Mødre. Her er ingen slemme adopsjonsprofitørar som ikkje bryr seg om klientane sine, eller fedrar som ikkje klarer å føla band til den adopterte sonen, eller unge jenter som blir forførte av ein gamling og hamnar i uløkka.
Kvar gong eg tenkjer at noko sånt kjem, snur filmskapar Naomi Kawase rundt på det og minner meg på kor langt det er mellom dei verkeleg gode filmane, men at dette er definitivt ein av dei.
Trua på det grunnleggjande gode i folk trumfar all verdas betongblokker, og heldigvis går eg frå kinomørket og ut i ei verd som framleis er full av kompliserte, velmeinande, dumme og kloke menneske, i Bergen så vel som i Yokohama.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Den verkelege oppsida er kor lite eg får innfridd fordommane mine om alle klisjeane rundt ein film med tittelen Mødre.