Storm på overflata
Eg lèt meg ikkje engasjera nok, utover den tragiske premissen for filmen.
Åleinemora Elin (Ane Dahl Torp) prøver å få livet på plass att etter at mannen døyr. På fisketur med borna vert ho råka av endå ei ulukke. Dottera Storm vert spelt av Ella Maren Alfsvåg Jørgensen.
Foto: Paradox
Drama
Regi: Erika Calmeyer
Storm
Med: Ella Maren Alfsvåg
Jørgensen, Ane Dahl Torp, Ane Skumsvoll
Kinofilm
Då mor Elin (Torp) kjem fram til elva, står storesyster Storm (Jørgensen) ved vasskanten, og veslebror Ulrik er vekke. Har Storm dytta Ulrik, eller var det eit uhell?
Dilemmaa
Det er ein lågmælt film regissør Erika Calmeyer og manusforfattar Johan Fasting har landa på, trass i eit aldeles forferdeleg dramatisk dilemma. Tanken på at barn kan drepa barn, er så ubehageleg at dei færraste vil innom temaet om ein kan sleppa. Tillit vert ei skjør sak som fort kan snu til mistillit.
Kor alvorleg skal ein ta barns skuldingar om at noko gale har skjedd? Kva om skuldingane vert retta mot ditt eige barn? Eller mot deg sjølv? Av ditt eige barn? Å seia at filmskaparane har teke for seg eitt dilemma stemmer jo forresten ikkje – der det finst éin veps, finst fleire, så kvifor ikkje stikka heile handa inn i vepsebolet for å sjå kva som skjer? Det gjer dei, men utan skrik og skrål, sjølv om nokre stikk ikkje er til å unngå.
Konfliktane
Storm får meg til å tenka på to svære mediesaker der barn vart utpeikte som gjerningspersonar, Silje-saka i Trondheim i 1994 og Kevin-saka i Arvika i 1998. Så forferdeleg det enn må vera å mista eit barn, kan det hevdast at å sitta att som ein familie med barn stempla som mordarar, er minst like hardt.
Ane Dahl Torp får godt fram fortvilinga ho kjenner på, både som politi/fagperson og som mor/samfunnsperson. Ein kunne lagt opp til langt meir drama kring blandinga av rollene enn det som er gjort her – at ho som forelder vil støtta dottera, kjem sjølvsagt i konflikt med dei heilage pliktene som lovens lange arm. Også dei kollegiale og venskaplege relasjonane hennar kunne vore lagt meir vekt på. Som det er no, klarar eg ikkje føla meir enn overflatisk medkjensle med filmkarakteren Elin, som verkar lausriven frå miljøet rundt.
Djupnene
Stikka stikk ikkje djupt nok i meg, for premissen for filmen er jo at det verste som kan skje, skjer, så eg føler meir med mine eigne kjensler i eit innbilt likt scenario enn at handlinga og hovudpersonane klarar vekka dei. Heller ikkje jenta Storm, trass i solid skodespelarprestasjon av unge Ella Maren Alfsvåg Jørgensen, får fram dei store kjenslene.
Det er liksom ikkje noko å utsetja på verken det nedtona lydsporet, den nære, behagelege filminga, det gode skodespelet eller manuset. Likevel kjennest det som at det skulle storma litt meir, at eg skulle vore meir påverka. Om det betyr at filmskaparane har lukkast eller mislukkast i intensjonane, er såleis underleg nok usikkert.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stikka stikk ikkje djupt nok i meg.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.