Ste-bonus-hu-mor
Det må meir til enn sol, sjarm og Leo for å lukkast med bergensk familiekomedie.
Stemora Victoria (Ine Marie Wilmann) saman med steborna Henrik (Sverre Thornam) og Hedvig (Mille Sophie Rist Dalhaug) og far til borna, spelt av Morten Svartveit.
Foto: Øyvind Svanes Lunde / Ymer Media
Familiekomedie
Regi: Gunnbjörg Gunnarsdottir
Victoria må dø
Med: Mille Sophie Rist Dalhaug, Sverre Thornam, Ine Marie Wilmann, Leo Ajkic, Morten Svartveit
Kinofilm
Når pappa (Svartveit) finn seg ny kone (Wilmann), får Hedvig (Dalhaug) og Henrik (Thornam) plutseleg verdas verste stemor med på kjøpet. Heldigvis går det an å få tak i ein leigemordar, slik at dei kan få pappa for seg sjølv igjen. Det er berre det at leigemordaren Carl (Ajkic) ikkje er ein leigemordar.
Troll til kjerring
Litteraturen er full av vonde stemødrer, eller som det står i eventyret om Kari Trestakk: «Mannen gifte seg att, men jenta fekk kje noko god stykmor.» Heldigvis døyr stykmor, og alt blir bra igjen, med litt hjelp av eit troll, då.
Trollet i Victoria må dø er litt udefinerbart, for her er både ungar, farmor og Carl instrumentelle, og eg vil jo seia at stemor Victoria trollar skikkeleg sjølv. Pluss... ho snakkar jo austlandsk, som er synonymt med vondt så lenge resten av handlinga er lagd til Vestlandet og dei andre snakkar bergensk. Og så er ho telefonopphengd og selfie-galen, så det er ingen tvil om at ho fortener i det minste ei eller anna straff for berre å vera generelt kjip.
Ein kan nok seia det er i overkant å vilja ta livet av stemor, men filmen held seg trygt innanfor grensene til ein familiefilm. Då er dei langt drygare i språkbruken – all banninga som av ein eller annan grunn har vorte med i manus, er ikkje særleg kledeleg og i alle fall ikkje utprega morosam, om det skulle vera poenget.
«Kanskje blandinga av proffe og amatørar ikkje var så heldig.»
Leos le-land
Det må kunna seiast at ideen var betre enn utføringa, sjølv om Victoria må dø har teke postproduksjon og lyddesign på alvor, slik at sluttresultatet ser og høyrest velpolert og proft ut. Leo Ajkic kan sjarmera dei fleste i senk, men nokon stor skodespelar vil eg ikkje seia han er. Det var kanskje Leo-typen dei ville ha, meir enn ein flink skodespelar, og det fekk dei jo.
Men kanskje blandinga av proffe og amatørar ikkje var så heldig. Blandinga jamt over er ikkje heilt heldig. Det kjennest som om manus og skodespel hakkar, kan henda det eine ikkje er hjelpt av det andre. I eine augeblinken tenkjer ein at ungane er bra menneske med eit slags rettferdiggjort moralsk feilinnstilt kompass, og i neste augeblink framstår dei som bortskjemde skitungar, med farmor som blir indignert over at ikkje Henrik får lov å skyta, sidan «alle herrer får lov å skyte» på den dyre hytta.
Det blir vanskeleg å heia på gamaldagse bestemødrer og usympatiske ungar, sjølv om stemora verkeleg er verst av dei alle, den materialistiske wannabe-influensaren! Ja ja, om eg ikkje synest det er så utruleg morosamt, så er det koseleg å sjå Bergen i maks solskin og høyra bergensk både med og utan balkansk aksent.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.