Film
Stakkars menn, stakkars oss
Ein film kan vera god utan å verka banebrytande og original.
Johannes Joner spelar manusforfattaren Petter (i midten) som skal lage storfilm om Fridtjof Nansen, men som blir kvotert ut og slit med mindreverdskomplek. Her skålar han med Ylva Gallo (t.v.), Per Gørvell, Gisken Armand og Liv Bernhoft Osa i andre roller.
Foto: Alternativt produksjon
Ein nesten gamal, ein relativt ung og ein komande mann slit med mannsrolla. Regissør Petter (Joner) fekk avslag på eit filmprosjekt, arbeidsledige Emil (Johnsen) kjenner seg misforstått og sett ned på av alt og alle, og Harald (Laug) finn seg ikkje til rette verken på barneskulen eller heime.
Mannifest
Motgang skapar ikkje gode menneske, og minst av alt gode menn, trur eg me seier moralen her er.
Allereie frå starten uttrykker den godt vaksne Petter at han støttar kvinner bak kameraet, som den moderne kulturmannen han er, og dermed skjønar me at viss det er éin ting han ikkje er, er det moderne.
Då han mistar pengestøtta til prosjektet sitt om Fridtjof Nansen, kan henda fordi ei dame fekk støtte og ikkje han, er passet hans utvitydig påskrive, og den nagande kjensla melder seg: No må eg sitta i nitti minuttar og sjå sinte menn som er bitre på kvinner.
Sjølv om det viser seg å stemma, er det interessant å følgja dei tre frustrerte karane. Kanskje uunngåeleg er det yngstemann eg får mest vondt av. Og her er ikkje regissør og manusforfattar Guro Bruusgaard nådig, verken mot kvinner eller menn. Klisjeen om at unge gutar treng eit mannleg førebilete, er klistra på som om det var KrF som hadde tinga reklameplass. Heldigvis får ikkje den usympatiske, overbeskyttande åleinemora (særs godt spelt av Laila Goody) udelt skulda for å ha potensielt skapt ein pøbel og det som verre er. Fedrar som skal starta kull nummer to med yngre damer, bør også sjå seg i spegelen eit par gongar ekstra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.