Språkleg fallgruvevandring
Heilt grei familieunderhaldning om du ikkje stiller for store krav til dialogen.
Filip Kremner og Hermine Svortevik Oen spelar hovudrollene som Birk og Magna.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Familieaction
Regi: Christer Steffensen
Birk & Magna – Gruvens mørke hemmelighet
Med: Filip Kremner, Hermine Svortevik Oen, Helge Jordal, Bjarte Hjelmeland
Kinofilm
Slemme kraftutbyggarar vil kjøpa den gamle vandrarheimen og eigedommen til Birk (Kremner) og adoptivfaren Arn (Jordal). Samtidig kjem Magna (Oen) og vil finna ut kvar det eigentleg vart av faren som forsvann for fleire år sidan i traktene rundt. Dei to ungdommane treng den andres hjelp i kampen mot slemmingar som har tenkt å utnytta det grøne skiftet til eiga vinning, som Magna kunne funne på å uttrykt det.
Dus med Blekkulf
Det grøne skiftet er iallfall i gang i underhaldningsbransjen. Og det med nyansar av naturvern mot miljøvern og grønvasking, som jo er fascinerande, då film ofte seier noko om tida me lever i. Noko meir dagsaktuelt enn å setja vindmølleentusiastar opp mot dei som elskar urørt natur, skal du leita lenge etter.
Dei gamle stereotypane lever for så vidt godt – slemmingane røyker og snakkar altfor høgt i mobiltelefon, mens dei snille går med islendar og gamaldags ryggsekk. Heltane er ofte veslevaksne, og det tolest godt, men her har det gått over stokk og stein.
Birk ser skeptisk på den nye gjesten Magna og lurer på om ho er ti år gamal. Etter at ho har lirt av seg linjer som «vi startet på feil fot i går» og «fremragende resonnert», blir eg overraska over at ho svarar 13 år, ikkje 73. Og når ho konstaterer at kalksteinen i gruva ser ustabil ut, men at avfallet ser ut til å vera lagra på riktig måte, så er eg sikker: Magna er ein pensjonert lektor forkledd som ei ung jente. Det er meir truverdig at Helge Jordal seier «klammeri med øvrigheten» – sånn har han jo snakka på film sidan 70-talet, ei tid der sånne uttrykk var «gjengs», som det pleidde heita.
Ikkje høyr på meg
Truverdig eller ei, Birk & Magna – Gruvens mørke hemmelighet er fyrst og fremst ein familiefilm, ein ganske spennande ein, slik at familiens aller yngste nok bør halda seg heima. Filminga går føre seg rundt Masfjorden, og det er heilt klart ein styrke at det bognar av vakre naturfoto.
Det reddar likevel ikkje hovudinntrykket, som er at det er ein velmeint, men haltande fyrstefilm frå regissør Christer Steffensen som nok burde lena seg mindre på korrekt framføring av replikkar og meir på naturleg dialog. Men kvifor høyra på meg når du kan høyra på superkjendis Matthew McConaughey (!), som har spelt inn ein reklamesnutt for å fronta filmen?
Kan henda har McConaughey berre sett traileren, og norsk kan han nok ikkje (som eg må seia hjelper godt), men kvifor ikkje – ta med ungane for ein god dose vestlandsnatur og mini-Indiana Jones-stemning og kanskje ein lommeparlør av gamal årgang.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.