JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Spionsamtalen

Serien om Arne Treholt har spennande stemmer i streit stil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FBI overvakte den norske diplomaten Arne Treholt og familien hans. Agentane lest som om dei var naboar og vener.

Foto frå NRK TV

2312
20220204
2312
20220204

Dokumentarserie

Regi: Ingrid Wevang og Ingrid Boon Ulfsby

Rikets sikkerhet

Med: Arne Treholt, Barbara
Verica, Kaj Skagen
NRK TV

Den nye dokumentarserien på NRK om Arne Treholt går i djupna om spionsaka som sjokkerte landet i 1984. Etter fire av seks episodar er det uråd å seie om serien kjem med bastante konklusjonar om justismord, men ein får inntrykk av ei open og spørjande haldning der fleire enn to sider er med.

Topp tilgang

Tilgang til sentrale folk er verdifull valuta for dokumentaristar. Her har dei fått med eit breitt spekter av relevante aktørar. Folk som jobba med å spionere på Arne Treholt i FBI, er med. Detaljnivået frå USA er i overkant, men nokre skil seg ut.

Historia til Barbara Verica fascinerer. Som spion blei ho venn med kona til Treholt, Kari Storækre, og gjekk på line mellom overvaking og omhug. Vi møter tidlegare KGB-toppar som sjølve er verde ein dokumentarfilm. Reflekterte og sjarmerande er ikkje ord nordmenn som var barn på åttitalet, plar assosiere med folk frå KGB.

Treholt sjølv får mest taletid frå bustaden i Moskva. Han held fram med å fremje dialog som kjernen til fred og tryggleik. Uavhengig av spørsmål om skuld er han ei interessant stemme.

Norsk standard

Serien trekker naturlegvis trådar til ein ny kald krig. Ein yngre norsk militærmann kjem med vise ord om eskaleringslogikk. Elles har norske etterretningsmenn nyanserte syn på kva dei var med på. Dei er trygge på skulda, men mindre aggressive enn aktor.

Stilen er standard. Musikken er prega av trauste tonar for spenning på fjernsyn. Tidshoppa i strukturen er tematisk og geografisk funderte. Første episode har ein klassisk cliffhanger når hovudpersonen sjølv set seg i stolen i siste augneblink.

Serien blandar snakkande hovud med arkiverte bilete og rekonstruksjonar av rom og rekvisita. Lydopptak frå rettssak og overvaking er verdifulle bidrag. Resultatet er solid. Mange stemmer kjem med.

Nyfikne noviser får lære noko om nær norsk historie frå den kalde krigen, med fiendebileta og logikken. Forteljinga er meir aktuell enn godt er. Vonleg kan ein få balanserte dialogar knytte til nett det.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis